Stordal – ein viktig klubb i Veterancup!

Stordal I.L. er vel det ein kan kalla ein av dei «mindre» klubbane i Veterancup, men dei bidreg på fleire måtar.

Stordal I.L. frå Sunnmøre er ein av dei mest trufaste klubbane i cupen vår. Dei har vore med alle gonger unntatt ein, då dei arrangerte NM i alpint for junior. Dei har tidvis stilt med to lag, og dei har vunne oldboys-klassa ein gong. I 2015 kom dei heilt til finalen i V50 der dei tapte for Brann.Lagbilde Stordal 2015 Hallgeir Hove fortel om relativt kort oppkøyring, men multiplisert med 40 års rutine skulle det vel bli bra.

Stordal Møbel er den andre bidragsytaren frå bygda på Sunnmøre. Dei har i mange år bidrege med flott stol til beste spelaren i turneringa. Prisen sit høgt, og vinnarane sit godt! Veterancup vil takka Stordal Møbel for denne flotte innsatsen! Me ser fram til eit godt samarbeid med alle frå Stordal i mange år framover.

Dersom de likar møblar frå Stordal er de velkomne til å dele deira heimeside www.stordal.com på Facebook.

Bestemannsprisen i år er ein RUNDE Regulerbar Kvilestol:

RUNDE Regulerbar Kvilestol 

Me ynskjer Stordal velkomne til Veterancup!

 

Lars Einar Torsnes