Velkomne til IF VeteranCup 2000 i Lærdal og Årdal!

Turneringa 28. og 29. januar byrjar å ta form. Me har fått positivt svar frå inviterte eliteklubbar og spelarar. Det er difor ei stor glede å invitere til år 2000 turneringa i fotball for oldboys og verteranar.




Turneringa i januar år 2000 vil i tillegg til mange gode nasjonale og lokale lag, også ha eit eige «profflag» samansett av tidlegare norske utanlandsproffar.


Følgande spelarar deltek på «profflaget» :
Roger Albertsen, Tore Antonsen, Anders Giske, Kai Erik Herlovsen,Terje Kojedal, Erik Soler og Ingvar Stadheim (lagleiar).


Dette er namn som kling som vakker musikk i eit fotballfrelst øyre. I tillegg har desse elitelaga med sine stjerner svara ja til å delta på dette nostalgiske fotballmøtet:


Brann, Lillestrøm, Moss, Rosenborg, Kongsvinger, Viking og Vålerenga. Andre tidlegare elitelag er Fredrikstad, HamKam, og Sogndal.


Me skal heller ikkje gløyma dommararkapasitetar som Reidar Bjørnestad, Ivar Fredriksen, Frank Skadahl og Svein Inge Thime som deltok på forrige turnering.


Laurdagskvelden vert det bankett med premieutdeling på Lærdal Hotell.


 


Velkommen !


Roald Flodsand
leiar