Jarle Ødegård og Ålesund er klare for turnering !


Ålesund og jarle Ødegård melder til nettsida eit dei nok ein gang er klare for ei sportsleg og sosial helg i sogn.  Det siste har dei i blodet, men det sportslege krever meir og meir trening for å hevda seg i denne turneringen.

Som dei seier sjølv er Ålesund ein gjeng som nærmar seg stygt den neste klassen, men det innser dei heller ikkje i år.  Ålesund har trent 1 – 2 ganger i veka dei siste månadene og delteke i ei turnering der dei vann.  Målsetjinga for helga er å gjera det best muleg både på og utanfor bana.  Dei reknar også med at dei blir plassert med det kjekke bergenske laget på banketten også i år.  Da vert det topp stemning utover kvelden.


Ha ei god treningsveke og køyr forsiktig.  Sportsleg helsing Ålesund Fotballklubb.


Publisert: ruthl@mail.ardalsnett.no