Veteran-glimt – Erik Thorstvedt MADLA



Denne gong er det Erik Thorstvedt som har svara på spørsmåla til nettsida.  

Han kjem att til Årdal / Lærdal for andre gong.

Kva lag har du spela på?
Madla, Viking, Eik Tønsberg, Borussia Mônchengladbach, IFK Gøteborg, Tottenham, Tufte IL


Høgste nivå?
Premier league.


Høgdepunkt i karriera?
FA-cupseier Tottenham – Nottingham Forrest ( 2 – 1 ) etter ekstraomg. Og VM 1994


Kor ofte trenar du?
2 gonger pr. veke


Kor mange ganger har du vore med i Veterancup?
2 gonger


Kvifor er du med?
Det sosiale.  Satsar på å gå vidare frå innleiande

Spesialtrening i oppkøyringa?
Laget trenar saman 2 ganger pr.veke på rett underlag i hall.


Nøgd med pulja til laget?
OK. Satsar 50/50 på å gå vidare.


Forventningar?
Usikker på nivået.  Vert skuffa dersom laget vert utslege med liten margin.  Uansett vert dette ein fin guttetur.


Favorittar?
Brann og Lyngby


 


Publisert: ruthl@mail.ardalsnett.no