Wapo spelar opp til dans i 2008 også….


Det trufaste «turneringsbandet», Wapo, vert også i år å sjå og høyra under Veterancupen 2008.


Dei har vore med oss kvart einaste år sidan starten (trur eg).

Dei spelar variert og god dansemusikk.  Dyktige musikarar, med ein vokalist som har ei stemme av ypparste klasse.

Som kjent er det i år rekorddeltaking på Veterancup.  Dette har ført til at me organiserer dansen litt anleis. Denne vert flytta til «store salen», som tidlegare ikkje har vore brukt.  Her vil det verta god anledning og god plass å svinga seg. 


Men fortvil ikkje.  Dei som ynskjer å sitja att rundt borda i spisesalen skal også få høyra god musikk.


«Mix», duo frå Årdal skal underhalda i denne delen av hotellet.  Me lovar fin musikk også her.


 


ruthl@mail.ardalsnett.no