Fyrste utkast til kampoppsett er klart…



Då er det endeleg klart.  Den fyrste versjonen av kampoppsettet er klart.  Også i år vil vi i dei
ulike hallane ha direkte oppdatering og resultatservice på nett.  Det betyr at kvar hen du er i verda kan du følgja med på resultata i dei ulike kampane som vert spela under Veterancup 2008.

Kampoppsettet ser du under LIVERPOOLNYTT i hovedmeldinga på toppen av nettsida.

Ein av våre gode samarbeidspartnarar Agnitio, har laga resultatserviceprogrammet som vert brukt under turneringa.  Dette er eit viktig hjelpemiddel for å yta best muleg service og oppdatering til publikum.  Det er minst like viktig for arrangørane og ha eit raskt og fleksibelt system.

Det kan enno koma endringar på kampoppsettet. Men me håpar at vèrgudane er med oss, slik at ikkje storm og uvèr lagar vanskelegheitar for oss.

Ruthl@mail.ardalsnett.no