Ein «kropp» for turneringar…..

Terje Hovdenak i flott stil
Nettsida har vore i kontakt med Brann sin «eminente» keeper Terje Hovdenak.  Han er nok ein gong klar til fotballturnering i Lærdal.  Som han seier, så har han ein kropp som kun vert brukt til turnering, så får resten av Brann gutane stå for treninga elles i året……


Men kva gjer vel det, når han leverar kanonredningar utan trening… (sjå bilde, klikk på bilde for større versjon)

Dette bildet har eg snoka til meg og fått greie på at det vart teke for berre 2 månader sidan..!!!  Bildet er teke i forbindelse med utgjeving av Pondus bok nr. 7.  Og det er Frode Øverli som er straffeskyttaren.  Da er det opp til konkurrentane å studera bildet.. og kanskje vurdera om det i heile teke er bryet verd med all treninga, så lenge ein kan levera slik «akrobatikk i buret» 🙂


Som nokre kanskje veit er Terje ein dyktig bilseljar.  Også i år har han stukke av med ein gjev premie i bilseljarbransjen.  Han har vunne tur til Hong Kong og Vietnam.  Og det akkurat den helga som Veteranturneringa vert arrangert…..


Men Terje sviktar ikkje lagkameratar og heller ikkje Veteranturneringa.  So han vert å sjå mellom stengene i 2008 også.  Noko vi arrangørane set stor pris på 🙂


Publisert for Veteranturneringa: Ruthl@mail.ardalsnett.no