Dansk utklassing i UMBRO Veterancup 2007





Lyngby vart eit nummer for store for dei norske laga i veteranklassa. I oldboys vann Djerv 1919 i si første Veteranturnering. Klepp slo Asker i ein svært jamn oldgirlsfinale. I veteran +50 tukta Viking Vålerenga.

Suverent dansk lag
Lyngby, med brødrene Laudrup i spissen, var eit nytt og svært hyggeleg lag å få på besøk. Men dei var ikkje beskjedne på bana i Lærdalshallen. Dei varta opp med teknisk fotball som vi aldri har sett i tidlegare turneringar. Dragningar, vendingar og overraskande pasningsval gjorde sitt til at motstandarlaga hadde store problem. Med stor evne til å halde ballen i laget tilførde Lyngby innefotballen ein ny dimensjon ved svært offensivt keeperspel.  Michael Laudrup vart og kåra til turneringas beste spelar.


Oldgirlssiger til Klepp


I oldgirlsklassa overraska Baune oss i innleiande rundar, men makta ikkje å komme seg heilt til finalen. Der møttest dei to storlaga på damesida Asker og Klepp. Gunn Nyborg held sin vaksne alder framleis svært godt nivå, men det var ikkje nok til å hindre Kleppjentene å hale i land sigeren.


Viking vann 50+
Den nye 50+klassa er komen for å bli. Dei gamle er framleis ikkje eldre enn at dei veit å bite frå seg når dei må. Viking stilte med ein stor og solid tropp, og vann over Vålerenga etter ein jamn kamp.


Djerv 1919
Djerv 1919 var på si første Veterancupturnering, og var ikkje snauare enn at dei fråvrista Jotun sjansen til å ta med pokalen til Årdal att.


Alle resultat fin du her


Ros til ny hall
Veterancupen har sidan starten hatt hall i Lærdal som eit stort ønske, og i år kunne vi altså ta i mot laga for første gong i Lærdalshallen. -Dette er utan tvil den beste hall eg har spelt i. Godt dekke, og eit fantastisk lys, sa Sørloth til porten.no. Arrangøren er også svært nøgd med å ha ein ny arena å tilby laga, i tillegg til dei to hallane i Årdal, og vi reknar med at alle som har hatt ansvar for realiseringa av hallen legg merke til godorda frå RBK-veteranen.


Tradisjonell bankett
Banketten vart i år som tidlegare avvikla på Lærdal hotell. Med vel 300 fotballglade spelarar til bords er det ei utfordring i seg sjølv. Godt humør og svært stor danseglede prega laurdagskvelden.


Les meir på porten.no