Knut Arne styrkar Vålerenga

Knut Arne Klingenberg frå Årdalstangen har meldt «overgang» til Vålerenga.

Klingenberg som tidlegare har spelt både for Lærdal og ÅTIL skal spele for Vålerenga sitt +50 lag under årets Veterancup. Sjølv ser han fram til å spele på lag med veterangjengen frå Oslo.


-Eg reknar med at eg kjem til å styrke laget, elles hadde dei vel ikkje bedd meg å stille opp. Her er det ikkje snakk om å vere listefyll, eg kjem til å gi alt for laget til Klanen, seier ein smilande blid Klingenberg. Som alltid lovar han maks innsats, og ser heller ikkje vekk frå at overgangen til laget frå hovudstaden vert permanent.


-Dersom eg ikkje skriv under på ein langsiktig kontrakt, reknar eg med at Erik Foss går tilbake til Oslo. Han har vel lova liknande ting tidlegare, seier Knut Arne Klingenberg som gler seg veldig til årets Veterancup.


Steinar Kvigne