Grobbelaar og Laudrup til Veterancupen

Både Bruce Grobbelaar og brødrene Michael og Brian Laudrup kjem til årets Veterancup som vert skipa til i Lærdal og Årdal i slutten av månaden.






Turneringsgeneral Roald Flodsand har verkeleg gjort eit kupp når han får dei tidlegare proffane til årets turnering. Grobbelaar, som tidlegare har ei lang karriere i Liverpool skal stå i mål for eit lag frå Florø, medan Michael Laudrup, som i si tid var sentral i Juventus, i lag med broren Brian kjem i spissen for eit utanlandsk lag. 


Spennande vert det i alle fall når Brann, Rosenborg, Viking, Vålerenga og Ålesund skal bryne seg mot dei gamle internasjonale heltane.


 


Finalar i Lærdal


 


Kampane i år vert spela i tre hallar, i Lærdal, på Årdalstangen og i Øvre Årdal. Flodsand opplyser til Porten.no at alle finalane vil bli spelt i den nye Lærdalshallen. I alt er 41 lag påmeldt til årets turnering som i tillegg til oldboys, oldgirls og veteranklasse i år har utvida med eigen klasse for herrar over 50 år. Garantert mykje god underhaldning der mange av spelarane tidlegare har spelt på topp nivå både i Norge og i utlandet. Spesielt kjekt for publikum vert det sjølvsagt å sjå dei utanlandske stjernene leike seg med lærkula i idrettshallane i Lærdal og Årdal. 


 


Av: Steinar Kvigne