Ålesund vinnarar i vetranklassen

Ålesund Veteran
…Då er nok ein gong Veteranturneringa over for i år.  Etter att Brann har drege avgarde med pokalen 2 år på rad har me merka oss gjennom innlegg på nettsida at langt fleire har  vore sugne på å bli årets vinnarar.

At Jarle Ødegård hadde samla saman eit så suverent lag var vel ikkje så mange som hadde venta……

..og når han i tillegg var heldig å få Jens Herstad med som keeper….ja, då var det heile gjort.  Den same Jens vart kåra til turneringens beste veteranspelar.

Jotun Old BoysI Old – Boys klassa var Jotun suverene. I finalen møtte dei Jondal som dei tapte den fyrste innleiande kampen for.

Frank Øyre på Jotun sitt Old-Boys lag vart kåra til turneringens beste old-boys spelar.





Glade vinnararI old – girls klassa vart det Trondheims-Ørn som stakk av med sigeren.  Her møtte dei Klepp som dei tapte cup-finalen for i 1989. Resultatet vart då 2-1 til Klepp.  Så jentene frå Trondheims-Ørn fekk endeleg sin revansje.


Bilete som kjem inn vert lagt ut fortløpande, så følg med på sidene.

Foto Trondheims-Ørn: Steinar Kvigne, Porten.no




Foto: Siren Svortevik, IL Jotun
Tekst: Ruth Laberg. Veterancupen.