Velkomne til årets cup

Roald Flodsand42 lag er påmeldt til årets veterancup i fotball. Primus motor Roald Flodsand ynskjer alle velkomne og seier det meste no er på plass.

Kampane går som tidlegare år i hallane på Tangen og i Øvre Årdal, men neste år ser Flodsand fram til at ein del av kampane vert avvikla i den nye Lærdalshallen.


-Det blir stort for oss å ha deler av arrangementet i ny idrettshall i Lærdal, ikkje minst reint praktisk. Me vil likevel vere avhengig av å ha eit godt samarbeid med idrettslaga i Årdal, både når det gjeld bruk av idrettshallane og ved gjennomføringa av turneringa. Den innsatsen og velvilje tillitsvalte i nabokommunen Årdal har synt er berre heilt fantastisk, seier Roald Flodsand. Han vil og understreke at den nye idrettshallen i Lærdal ikkje blir bygt for veterancupen, dei vil sjølvsagt betale leige for å disponere hallen til sitt arrangement.


Over same lest


 Årets turnering vert avvikla over same lest som tidlegare. 24 lag er påmeldt i veteranklassen, 12 i oldgirls og 6 lag i klassen for oldboys.


-Eg vil spesielt framheve dameklassen som har hatt store auke i talet på lag. Dette mykje takka vere Aud Inger Sviggum Tangen i Kaupanger, som har stått veldig på for å få med fleire. Ikkje minst blir det artig å sjå korleis Trondheims Ørn sine damer vil hevde seg i turneringa, seier Flodsand. Nytt av året er og at Lærdal stiller med damelag. Vålerenga og Rosenborg har vore faste innslag i veteranklassen, men stiller av ulike årsaker ikkje denne gongen.


-Eg har likevel fått melding om at dei truleg kjem sterkt tilbake neste år, fortel Flodsand.


Øberg på plass


Som i fjor kjem også veterandommaren Henry Øberg til årets turnering, ikkje som domar men som invitert tilskodar. Derimot vil tidlegare eliteseriedommar Rolf Nyhus bli å sjå i svart dommardrakt både fredag og laurdag.


-Me håpar elles på stor oppslutnad frå publikum, og dersom nokon er i tvil. Overskotet går tilbake til aldersfastlagd fotball i Lærdal, Jotun og Årdalstangen, seier Roald Flodsand til Porten.no