Sjå her Einar !!! Du kunne tenkt deg ein slik du også…???

Kjellien
…….Sjølv om det er fotball det handlar om komande helg, er det ikkje til å unngå at me kan gje oss lov å nyta dette vakre synet ein gong til.  Det hadde «kribla» godt i fingrane dine her Einar…….sjølv om den er teken på sluk……


Ruggen var på heile 16 kg……..

Kjelli med pokalenÅ få ein slik «rugg» på kroken er nok for «Brann-Gutta» enno vanskelegare enn å heva pokalen over hovudet..??…….. som karane no har gjort 2 år på rad.

Nettsida har i dag og tidlegare i veka hatt fleire samtalar med Kjellien.  Me ba han om å laga til nokre «saftige gloser» og ta att for det han har «fått på seg» i gjesteboka i tida framfor turneringa.

Det er ikkje tvil om at ein merkar litt misunnelse både når det gjeld laksefiske og La Manga turar……eller????

…men Kjellien er som bergensarar flest. «Ydmyk og beskjeden (??????).  Gutten med vinnarinstinktet har samla ein bukett med gode namn. Namna kan du sjå på sida som heiter «lag».  Pr. i dag tel Brann-laget 6 mann.  Men vi har to på lur, seier han.  Det er ikkje heilt avklara om desse to vert med.




Kjellien i kampPå spørsmål frå nettsida om dei vinn i år også, svarar han at det veit han ikkje.  Men dei skal ha fokus på kvar kamp, vera litt lure…..og sjå nøye på kven dei møter….I det heile, spela ein kamp om gangen.


Me har i kampoppsettet notert oss at Brann i sin fyrste kamp skal møte våre lokale heltar med Arne Hugo Undi i «spissen».

På Jotun sitt lag står også oppført Geir Hestetun, som er ein av frontfigur Kjelli sine gode kompisar frå Sogn.

Geir
……så då spørst det, om Jotun er heldige å ha med Geir, ser me ikkje vekk frå at han kan laga vanskar for Brann-laget.

Då gjenstår det for meg å ynskja Brann velkomne til årets turnering.  Me håpar sjølvsagt at dei er med å laga like god underhaldning for oss i år som dei har gjort i tidlegare turneringar..

….under min samtale med Kjelli lova eg å helsa til Terje Kojedal i Ham-Kam og etterlysa laksebilete frå i sommar.

Kojedal sin «rugg» var «berre» 9 kg.  Ein vesentleg forskjell det mot ein «rugg» på 16 …………………………sekstan kilo…………………..


Web-ansvarleg: Ruthl@indresognbil.no