Halvfeite karar frå Haugesund fryktar me ikkje…..

Einar Sæbø
…..seier Ingve Bøe på spørsmål frå nettsida om kven dei fryktar mest i turneringa.

Som me også kan sjå og lesa i «gjesteboka» er tidlegare Jotun spelar Einar Sæbø klar til turnering att.  Sæbø har slete litt med skade. Nettsida tippar at Sæbø har styrt unna fotball i sommar/haust halvåret.
…istaden har han nok dyrka sin store hobby «laksefiske».  Sæbø er ein «habil» fiskar

og kvir seg difor ikkje  å koma med uttalelsar i «Gjesteboka» når det gjeld laksefisket til Kjellien.

Thorstvedt og KroghNettsida har snakka med Ingve Bøe i dag. Og han er klar i sin karakterestikk av Haugesund.
«Ein gjeng med «halvfeite» karar fryktar me ikkje.  Om Brann seier han: «Kjellien har sikkert panikk i og med at han ikkje har levert lagoppstilling enno.»

Men som Ingve seier, størst av alt er banketten laurdagskvelden.  Det er den Viking har trena mest til.


I tillegg er det viktigast og delta, ikkje å vinna……, seier Bøe.  ……..Meinar han det skatru….???
Nettsida sit med ein misstanke om uansett kven det er, når laga er komne på parketten …..er det med livet som innsats….!!!!

Viking gledar seg stort til å koma neste helg.  Dei gler seg til å treffa att alle tidlegare lagkompisar og konkurrentar.
(så får me tola at me er litt spydige mot kvarandre i innspurten mot turneringa)

web-ansvarleg: Ruthl@indresognbil.no