Trondheims-Ørn er klare…(iallefall til det sosiale)

Trondheims - ØrnTrondheims – Ørn sin kontakt, Tone Haugen har sendt oss dette biletetet frå 1989.  Det er ringa rundt jentene som tek turen til Lærdal.  Gerd Stolsmo er ikkje med på biletet, då ho la opp sesongen før.


Tone har dette å seie til nettsida:


 

«Trondheims – Ørn stiller med eit sosialt og geografisk spredt lag, som ikkje får ei trening saman før turneringa brakar laus. Spelarar frå Moss, Oslo, Asker, Bergen, Ålesund, Sunndal og Trondheim prøver å skjerpa seg og får sjølve ansvaret  å bygga opp «formtoppen» til lærdalscupen (kva no den toppen er, ha, ha…….).
Men ein ting er sikkert. Det sosiale står i høgsetet for denne gjengen….mange av oss har ikkje sett kvarandre på fleire år.
Me takkar for at me får delta på denne cupen og ynskjer alle ei FIN helg i Lærdal både sportsleg (hugs vinnarinstinktet ligg der uansett.  Om Ørn tek det heilt ut , får me sjå….), og ikkje minst sosialt. Me håpar sjølvsagt å koma lengst muleg og iallefall få ein kamp mot Klepp damene som me tapte cupen for i -89….Og da lovar me revansje….Gleder oss allerede.
HEIA ØØØØRRRRNNNN……»


Web-ansvarleg: Ruthl@indresognbil.no