Lærdøl i spissen for Elverum

Ørjan Skilbrei – Foto: Elin Hæreid

Ørjan Skilbrei byter ut drakta til Årdal FK med Elverum si når han entrar parketten i Veterancupen i januar.

– Det blir veldig kjekt, spesielt gøy skal det blir å kjempe mot Øystein og resten av lærdalslaget. seier Ørjan.

Han har fått med seg Øystein Lindesteg Rinde sitt tidlegare innspel på denne sida, der han med glimt i auga sa det ikkje skal bli enkelt for Elverum.

– Det blir ikkje berrre å kome hit og hente poenga, sa Øystein den gongen. Ørjan seier gjengen frå

Elverum er i god form, og sjølvsagt går for seier i alle kampar.

– Når det gjeld kampen mot Lærdal, så er det ein større vinst at han tapar enn at me vinn, seier ein smilande Ørjan med klar adresse til Øystein. At det bli tøffe tak og ein god del prestisje er i alle fall sikkert.

Spelte for Elverum

Skilbrei gikk lærarskulen på Elverum, og spelte for fotballaget i perioden 2009-2011. Gjengen han tek med seg til Veterancupen er tidlegare medelevar som og spelte for klubben.

-Eg flytter snart i nytt hus i Lærdal, og skal innlosjere heile laget der. Det blir ei sosial og fin helg, seier Ørjan.

Gir seg i Årdal FK

Etter mange år som spelar for Årdal FK, ga han seg etter denne sesongen. Legg du opp?

– Nei no blir det spel i 6. divisjon for det nystarta laget til Lærdal, der han Øystein blir trenar. Det blir artig å møte Årdal2 og andre lokale lag, seier Ørjan Skilbrei.

For tida arbeider han som lærar på Tangen skule.

– Der likar eg meg svært godt, men på sikt er vel målet ein lærarjobb i Lærdal. Hadde passa bra det, ikkje minst at skulen ligg 300 meter frå heimen, avsluttar 34 åringen.

Steinar Kvigne