Kjellien

Ikkje berre fotball når «Kjellien» er i Lærdal. Laks på 15.8 kg i Lærdalselvi

– Ikkje gløym klubblaga

Kjell Rune (Kjellien) Pedersen åtvarar mot at landslaga kan ta for mykje plass under veterancupen.

– Eg trur leiarane bør tenka seg veldig nøye om dette er vegen dei vil gå. Eg veit om fleire lag som er skuffa over at dei ikkje får stilla med den gjengen dei pleier sidan dei berre får ta med sju spelarar og berre stilla eitt lag, seier Pedersen, som har vore med i samtlege 21 veterancupar med Brann, sett vekk får ein.

Han har vore med og vinna både oldboys-klassen, veteranklassen og superveteran.

– Det har blitt nokre trofear. Me reiser med toppa lag denne gong også, forsikrar han.

Kjempegøy

Kjellien, som hadde over 200 A-lagskampar for Brann i si aktive karriere, tykkjer det er kjempegøy å vera med på turneringa og er noko dei ser fram til kvart år.

– Det er kjekt å møta att fotballspelarar du møtte i sine klubbar for mange år sidan.

Pedersen var også ein av dei som gjekk inn for å få kvinnelag med i turneringa. I starten var det berre herrelag.

– Eg sa det til Roald (Flodsand, turneringsleiar) og året etter kom dei første damelaga med. Det er 18 år sidan. Det sosiale er like viktig som det fotballmessige, men me har sjølvsagt lyst å vinna når me er på bana.

Vil ha med alle

Pedersen seier det likevel er i ferd med å bli litt misnøye rundt turneringsopplegget.

– Eg har snakka med damelag som har fått beskjed om at dei berre kan stilla med eitt lag og maks sju splearar. Det er lag som har vurdert å trekka seg på grunn av dette. Satsinga på landslag går ut over klubblag som har vore med og støtta turneringa i årevis. Her må turneringsleiinga tenka seg nøye om.