Vegagjengen klar for Veterancup

Lagbilde Vega

Lagbilde av Vegagjengen. Foto: Sogn Avis

-Treninga går litt i rykk og napp, men me gledar oss veldig til cupen i Lærdal, seier Frank Nilsen i fotballklubben Vega. 

Kompisgjengen frå øya Vega, ikkje langt frå Brønnøysund, er verkeleg for veteranar å rekne når det gjeld deltaking i den populære fotballturneringa i Lærdal.  

Når dei kjem til vestlandsbygda i slutten av januar neste år, er det åttande gongen dei er med.   

-Me likar oss svært godt i Lærdal. Eit flott arrangement, både sportsleg og sosialt, seier Nilsen.   

Gå vidare  

Vega har som mål å gå vidare frå gruppespelet i veteranklassen.  

-Ja, det må me gjere alt for å få til. Me vil jo spele så mange kampar som mogleg. Det er jo denne turneringa me trenar til heile året, seier han. Og legg til: Me kjem til Lærdal med sju spelarar, så det er viktig å unnå skadar framover.  

– Skadane ligg liksom der og lurer heile tida, men håpar på det beste. Eg er optimist, avsluttar Frank Nilsen. Turneringsleiar Roald Flodsand seier dei ser fram til å få besøk av den humørfylte gjengen frå Vega. 

-Ein flott gjeng, dei har ei lang reise framføre seg for å kome til Lærdal, men dei er som alltid hjarteleg velkomne, seier Flodsand. 

Tekst: Steinar Kvigne