ME GLEDAR OSS OVER STADIGE PÅMELDINGAR TIL VETERANCUP 2022!

Landslagsklassa er så å seie fullteikna, me tel 32 påmelde lag søndag 10. oktober, og enda er det nokre veker igjen til påmeldingsfristen 1. november!

Det er knytt stor spenning til korleis Veterancup 2022 vil bli organisert og avvikla! Arbeidsgruppa har fått nye råmer rundt cupen, og  jobbar kontinuerleg med å sjå på best muleg løysing for å avvikle ein så god veterancup som muleg. Innan desse råmenene ynskjer ein å gi plass til flest mogleg, og helst alle, dei påmelde laga.

Den totale oversikta har me ikkje før fristen er ute 1. november. Me må difor be alle påmelde lag om å vente tålmodig til me er klare for å legge ut laga på heimesida vår, som er den endelege stadfestinga på at ein er sikra plass. Nokre eliteklubb-lag er sikra plass, og er difor allereie lagt ut. Resten må leve i spenning til etter 1. november.

Og dèt kan me sei dykk:

ME GIR ALT FOR Å GI PLASS TIL FLEST MOGLEG PÅ VETERANCUP 2022!

Og me vil vere så klare som muleg rundt 1. november, slik at puljar og lag blir lagt ut på heimesida raskast muleg!