• Link to Facebook
VeteranCup
  • Heim
  • Regionen
  • Overnatting
  • Turnering
  • Transport
  • Historie
  • Biletarkiv
  • Påmelding
  • Kontakt oss
  • Click to open the search input field Click to open the search input field Søk
  • Menu Menu
Du er her: Hjem1 / Arkiv

ManU og Leeds stadfestar at dei kjem

Det er no klart at Manchester United og Leeds stiller lag i årets Veterancup.

Frå ManU kjem Brian McClair, Neil Webb, Clayton Blackmore og Lee Martin. Laget stiller i klassen Superveteran.

Frå Leeds er foreløpig Rod Wallace, Chris Whyte og Gunnar Halle klare. Her vil det kome fleire namn etterkvart.

296px-Manchester_United_FC_crest_svg        Leeds_United_Logo

http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png 0 0 Veterancup http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png Veterancup2014-01-17 00:00:002016-02-15 14:06:17ManU og Leeds stadfestar at dei kjem

Stemningsrapport fra Follese-damene

Follese stiller i år som i fjor med stort sett samme kvinnskap.

Oppladningen har inneholdt fysiske og sosiale treninger. I tillegg gjennomførte vi en svært vellykket «treningsleir» i Amsterdam like før jul, hvor høydepunktet var å se Vitesse slå Utrecht og innta tabelltoppen i nederlandsk Eresdivisie. Som alltid ser vi frem til fotballhelgen i Lærdal, og håper på å kunne forsvare plasseringen fra i fjor.

image

http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png 0 0 Veterancup http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png Veterancup2014-01-17 00:00:002016-02-15 14:06:17Stemningsrapport fra Follese-damene

Foreløpig kampoppsett

Her er det foreløpige kampoppsettet.

Tar forbehold om eventuelle endringar.

Veterancup kampoppsett 2014 utkast v.2 (1) Veterancup kampoppsett 2014 utkast v.2 (1)
http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png 0 0 Veterancup http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png Veterancup2014-01-16 00:00:002016-02-15 14:06:16Foreløpig kampoppsett

Superveteranpuljene

Superveteranpuljene

http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png 0 0 Veterancup http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png Veterancup2014-01-15 00:00:002016-02-15 14:06:16Superveteranpuljene

Ham Kam er i anmarsj!


Få lag er så trufaste mot Veterancup som
HamKam. Dei har vore med alle gongene unntatt ein, då stengde fjellovergangar
hindra dei.  Me har prata med Terje Kojedal.



Terje rapporterer om ein nokolunde fast
gjeng som trenar 1-2 gonger i veka. 
«Mer bør en vel ikke utsette kroppen for i vår
alder sjøl om hue er 25». 
Dei har hatt eit par skader, m.a. manglar dei sin faste
keeper.  Sidan Bosmanmarknaden for veteranmålvakter
er nokså avgrensa også på Hedemarken, løyser dei dette i god dugnadsånd ved å
rullera på jobben.


 


Dei sportslege ambisjonane er å forsvara
tittelen frå i fjor då dei slo Strømmen 4-3 i finalen.  Likevel vil ikkje sindige hedmarkingar flagga
dette altfor høgt, og skulle det sportslege gå skeis, så er det berre å leggja
alle klutar til på banketten!


 


Me seier lukke til og vel møtt!


 


Lars Einar Torsnes.


 


 


http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png 0 0 Veterancup http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png Veterancup2014-01-13 00:00:002016-02-15 14:06:15Ham Kam er i anmarsj!

Frithjof Wilborn leiar banketten

Tidlegare Brann og Strømsgodset-spelar Frithjof Wilborn er årets toastmaster under banketten på Lærdal Hotell laurdagskvelden.

Wilborn spelte 72 kampar for Strømsgodset og 29 kampar for Brann i åra mellom 1983 og 1988. Han var ein kjapp ving som banka inn 31 mål for Strømsgodset og tre for Brann før han gav seg. Fram til januar 2008 jobba Wilborn i TV2.

Under Veterancup skal han gjenforeinast med sin gamle klubbkollega i Brann, Per Egil Ahlsen. Begge skal spele for Fredrikstad i Superveteran-klassa.

-Eg ser definitivt meir fram til banketten enn å spele fotball. Fysikken som krevst til å gjere alle dei tinga som eg gjorde før, er ikkje der lenger. Så strekken kjem vel, flirer Wilborn på telefon med Veterancup.

Wilborn deltok på oldboys-laget til Brann under ein turnering i Vestlandshallen for nokre år sidan. Strekken kom raskt alt i fyrste kampen. Men sidan laget mangla keeper, fekk han spele likevel.

-Det vart svært underhaldande. Det gjekk eit forventningsfullt brus gjennom publikum kvar gong motstandarlaget gjekk i angrep, flirer Wilborn, som gledar seg stort til å kome til Lærdal.
http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png 0 0 Veterancup http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png Veterancup2014-01-12 00:00:002016-02-15 14:06:14Frithjof Wilborn leiar banketten

Oldgirlspuljene og Veterangirlspuljer

og puljene

 

veterangirls puljer

 

http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png 0 0 Veterancup http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png Veterancup2014-01-11 00:00:002016-02-15 14:06:14Oldgirlspuljene og Veterangirlspuljer

Nordnes IL – eit sikkert kort.


Nordnes IL er eit av dei verkelege
veteranlaga i Veterancup.  Dei stiller i
år i V50. Me har hatt ein prat med kaptein Kjell Erik Ødemark.



 


Nordnes har 7-8 mann til disposisjon, nokolunde
fast mannskap frå år til år.  Dette
inkluderer også ein habil skøyteløpar. Dei ladar opp med Vadmyra Cup no i
helga, og grunnlaget blir lagt med 2-3 treningsøkter kvar veke i tillegg til
diverse humøropplading. Dei gleder seg til nok ei turnering i Lærdal, og
ambisjonane er å ta kamp for kamp og telja poeng til slutt. God stemning er det
uansett alltid i Nordnesleiren. Etter eiga utsegn satsar dei på banketten,
kanskje det blir poengplass?


 


Me ynskjer Nordens IL vel møtt og lukke
til i Veterancup 2014!


 


Lars Einar Torsnes


http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png 0 0 Veterancup http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png Veterancup2014-01-10 00:00:002016-02-15 14:06:12Nordnes IL – eit sikkert kort.

Plass til alle i Lærdal

Ny hotellavtale gjer at Veterancup no har plass til alle deltakarane i Lærdal.

Veterancup har gjort avtale med Grandane Hotell som ligg midt i Lærdal sentrum.

Hotellet blir leigd til veteranturneringa etter ein avtale mellom eigaren og veterancup som vart signert denne veka.

 

Avtalen fører til at overnattingskapasiteten aukar med 70 personar, ifølge Magnar Ljøsne i Veterancup.

 

I fjor overnatta eit mindre tal deltakarar i nabokommunen Årdal. Men i år kan altså alle delta på banketten og overnatte i Lærdal.

 

Det er gåavstand mellom hotellet der banketten blir halden, og Grandane Hotell.

http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png 0 0 Veterancup http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png Veterancup2014-01-10 00:00:002016-02-15 14:06:13Plass til alle i Lærdal

Tottenham klar for veterancup

Tottenham Hotspur melder sin ankomst til Veterancup 2014 med fire kjende spelarar med lang fartstid på White Hart Line.

Andrew Sinton

Andy Sinton (bildet), Mark Falco, Garry Brooke og John Lacy kjem frå London for å måle krefter med andre på Veterancupen. Sinton er tidlegare landslagsspelar.

– Dei får med seg tre lokale veteranar frå Jotun, seier Alf Roger Lereng i Indre Sogn Bil, som er med å sponsar dei fire Spurs-spelarane til Sogn. 

Sinton har 684 kampar i engelsk fotball og 12 på det engelske landslaget. Brooke spelte 78 kampar for Tottenham og scora 25 mål for laget mellom 1978 og 1985. Falco spelte samstundes og har 164 kampar og 68 mål. Lacy fekk 104 kampar og står bokført med to mål.

I tillegg til å konkurrere under Veterancupen, skal Falco og Brooke delta på eit treningsopplegg for unge fotballspelarar i Årdal veka etter Veterancupen. John Lacy har også erfaring med fotballskule i Sogn for ei tid attende. For Andy Sinton er dette første turen til Sogn.

304px-Tottenham_Hotspur.svg

http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png 0 0 Veterancup http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png Veterancup2014-01-09 00:00:002016-02-15 14:06:12Tottenham klar for veterancup
Side 8 av 49«‹678910›»

Hovudsponsor

Sogn Sparebank

Samarbeidspartner

Tide
Lærdal Hotel
Hydro
Infraplast

Supporterlaget

Sognenett
dRofus
Stordal
Hardangerbestikk
Agnitio
Argus Remote Systems AS
Toyota Sogn AS
Sogndal Bilpleie & Sogndal Bilutleige AS
Lerum
Flamsbana
Laerdalsoren Hotel
Lærdal Kommune
Aurland Kommune
Årdal Kommune
Scroll to top Scroll to top Scroll to top