• Link to Facebook
VeteranCup
  • Heim
  • Regionen
  • Overnatting
  • Turnering
  • Transport
  • Historie
  • Biletarkiv
  • Påmelding
  • Kontakt oss
  • Click to open the search input field Click to open the search input field Søk
  • Menu Menu
Du er her: Hjem1 / Arkiv2 / Frithjof Wilborn leiar banketten

Frithjof Wilborn leiar banketten

Tidlegare Brann og Strømsgodset-spelar Frithjof Wilborn er årets toastmaster under banketten på Lærdal Hotell laurdagskvelden.

Wilborn spelte 72 kampar for Strømsgodset og 29 kampar for Brann i åra mellom 1983 og 1988. Han var ein kjapp ving som banka inn 31 mål for Strømsgodset og tre for Brann før han gav seg. Fram til januar 2008 jobba Wilborn i TV2.

Under Veterancup skal han gjenforeinast med sin gamle klubbkollega i Brann, Per Egil Ahlsen. Begge skal spele for Fredrikstad i Superveteran-klassa.

-Eg ser definitivt meir fram til banketten enn å spele fotball. Fysikken som krevst til å gjere alle dei tinga som eg gjorde før, er ikkje der lenger. Så strekken kjem vel, flirer Wilborn på telefon med Veterancup.

Wilborn deltok på oldboys-laget til Brann under ein turnering i Vestlandshallen for nokre år sidan. Strekken kom raskt alt i fyrste kampen. Men sidan laget mangla keeper, fekk han spele likevel.

-Det vart svært underhaldande. Det gjekk eit forventningsfullt brus gjennom publikum kvar gong motstandarlaget gjekk i angrep, flirer Wilborn, som gledar seg stort til å kome til Lærdal.
Del dette innlegget
  • Del med Facebook
  • Del med X
  • Del med epost
http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png 0 0 Veterancup http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png Veterancup2014-01-12 00:00:002016-02-15 14:06:14Frithjof Wilborn leiar banketten

Hovudsponsor

Sogn Sparebank

Samarbeidspartner

Tide
Lærdal Hotel
Hydro
Infraplast

Supporterlaget

Sognenett
dRofus
Stordal
Hardangerbestikk
Agnitio
Argus Remote Systems AS
Toyota Sogn AS
Sogndal Bilpleie & Sogndal Bilutleige AS
Lerum
Flamsbana
Laerdalsoren Hotel
Lærdal Kommune
Aurland Kommune
Årdal Kommune
Link to: Oldgirlspuljene og Veterangirlspuljer Link to: Oldgirlspuljene og Veterangirlspuljer Oldgirlspuljene og Veterangirlspuljer Link to: Ham Kam er i anmarsj! Link to: Ham Kam er i anmarsj! Ham Kam er i anmarsj!
Scroll to top Scroll to top Scroll to top