Innkvartering ifm Veterancup 2015

God Jul og Godt Nytt År til dykk alle!.

Veterancup 2015 nærmar seg, og det er også i år lagt opp til at vi skal kunne innkvartere alle i Lærdal, fordelt på Lærdal Hotel, Granden Hotel, Lærdal Ferie og Fritidspark og Sanden Pensjonat.

Innkvartering


Endeleg oversikt over kvar laga vert innkvartert, vert lagt ut på www.veterancup.no medio uke 3. Vi har lagt til grunn at kvart lag stiller med maks 9 spelarar. Vi må difor få tilsendt namnelister på e-post til okn@lerdalhotel.no, med ynskje om rom-fordeling innan 11 Januar.  Vi vil primært innkvartere alle deltakarane i 3 – og 4 – sengs rom.  

Atterhald:

Vi tek atterhald om at det kan kome endringar på overnattingsstad etter at den er lagt ut på nettsida.

Betalingsinformasjon:

Førehandsbetaling for samtlege som skal ha overnatting må finne stad innan 12. Januar,  og innbetalinga vil bli registrert som endeleg stadfesting for innkvartering.

Avbestilling:

Bestilling av overnatting er bindande ved innbetaling, og vert ikkje refundert. Dei fleste har eigen forsikring som dekker avbestilling ved sjukdom mm. Sjekk at du har slik forsikring (veldig ofte inkludert i kredittkort), eller vurder å skaffe slik forsikring.

Innbetaling

Alle lag betaler inn til Lærdal Hotel, konto nr. 3705.10.58136, kr. 2445,- pr. pers. Beløpet dekker overnatting med frukost begge dagar, middag og dans fredag samt bankett og dans laurdag.

Vi ynskjer lagvis innbetaling. Dersom deltakarar likevel betalar direkte, er det viktig å skrive på kva lag vedkomande tilhøyrer og at LAGLEDAR FORMIDLAR DETTE.

Ser fram til å høyre frå Dykk med endeleg stadfesting, og i mellomtida vil vi ynskje dykk alle ei fortsatt god jul, og eit retteleg godt nytt år.

Turneringa 2015 opna for påmelding :-)

Turneringa for 2015 er sett til 30-31 januar. Det er no opna opp for påmelding. Frist er sett til 15 oktober 14. Laga som har delteke før har fyrsterett fram til denne datoen. Etterpå tek vi inn lag etter kvart som dei vert registrert. Viktig at de skriv kontaktperson, størrelse på t-skjorter, mailadresse og telefonnummer i påmeldinga.

Lukke til med oppladinga !!

Turneringsinformasjon 2015

Styret har hatt evelueringshelg etter turneringa 2014. Etter tilbakemeldingar, vurderer me å ta ned antall lag i turneringa. Frista for påmelding vert sett til 15. oktober 2014. Påmeldingsavgift er sett til kr 3000,00 pr lag. Meir info kjem etterkvart.

Veterancup 2015

Om kort tid er det evaluering av cup 2014 og planleggingsstart for 2015. Har de innspel er det fint om me får desse iløpet av februar – gi ein lyd!

For 2015 kan ein allereie no krysse av fredag 30. og laurdag 31. januar!

 

Veteran Damer – vinnarlaget 2014: Follese!

Follese Veteran -14

Veteran Herrar – vinnarlaget 2014: HAMKAM!

 Mads Brandstorp Ham Kam BS-2014

Her får HAMKAM sin Mads Brandstorp utdelt pris for beste spelar!

Ein flott stol frå Stordal Møbel som har støtta cupen over mange år. F.v: Frithjof Wilborn, Mads Brandstorp, Ole H Stavseng(Stordal Møbel).

Old Girls – vinnarlaget 2014: Kaupanger!

Kaupanger old girls

Superveteran – vinnarlaget 2014: Bærum!

Bærum 50+

Old Boys – vinnarlaget 2014: Førde!

 Førde old boys

Innsamling til Barneidretten

Etter storbrannen i Lærdal har arrangør og deltakarar i Veterancup fulgt med og følt med, Lærdalssamfunnet.

Mange har sendt meldingar og spurt om det er noko ein kan bidra med. Då det blei kjendt at barneidretten hadde mista alt dei har av utstyr i brannen, var Fitjar med Ole Bergesen i spissen, kjapt på plass med eit godt initiativ. Ynskjet om ei innsamling under Veterancup blei godt motteke og gjennomført som føreslege.

I dag mottok Lærdal barneidrett gladmeldinga om at kr 23.405,- kroner er på veg inn på deira konto, frå deltakarar og arrangørar av Veterancup 2014.

Hjarteleg takk for alle bidrag alle saman!