Ålesund vinnarar i vetranklassen

…Då er nok ein gong Veteranturneringa over for i år. Etter att Brann har drege avgarde med pokalen 2 år på rad har me merka oss gjennom innlegg på nettsida at langt fleire har vore sugne på å bli årets vinnarar.
At Jarle Ødegård hadde samla saman eit så suverent lag var vel ikkje så mange som hadde venta……
..og når han i tillegg var heldig å få Jens Herstad med som keeper….ja, då var det heile gjort. Den same Jens vart kåra til turneringens beste veteranspelar.
I Old – Boys klassa var Jotun suverene. I finalen møtte dei Jondal som dei tapte den fyrste innleiande kampen for.
Frank Øyre på Jotun sitt Old-Boys lag vart kåra til turneringens beste old-boys spelar.
I old – girls klassa vart det Trondheims-Ørn som stakk av med sigeren. Her møtte dei Klepp som dei tapte cup-finalen for i 1989. Resultatet vart då 2-1 til Klepp. Så jentene frå Trondheims-Ørn fekk endeleg sin revansje.
Bilete som kjem inn vert lagt ut fortløpande, så følg med på sidene.
Foto Trondheims-Ørn: Steinar Kvigne, Porten.no
Foto: Siren Svortevik, IL Jotun
Tekst: Ruth Laberg. Veterancupen.

Dei siste åra har Veterancupen vorte overført «live» på nettet. I år har me støytt på problem som gjer at dette ikkje let seg gjera. Me kjem likevel til å filma ein del av kampane, og i ettertid legga desse ut på nettsida.
42 lag er påmeldt til årets veterancup i fotball. Primus motor Roald Flodsand ynskjer alle velkomne og seier det meste no er på plass.


Å få ein slik «rugg» på kroken er nok for «Brann-Gutta» enno vanskelegare enn å heva pokalen over hovudet..??…….. som karane no har gjort 2 år på rad.
På spørsmål frå nettsida om dei vinn i år også, svarar han at det veit han ikkje. Men dei skal ha fokus på kvar kamp, vera litt lure…..og sjå nøye på kven dei møter….I det heile, spela ein kamp om gangen.


