• Link to Facebook
VeteranCup
  • Heim
  • Regionen
  • Overnatting
  • Turnering
  • Transport
  • Historie
  • Biletarkiv
  • Påmelding
  • Kontakt oss
  • Click to open the search input field Click to open the search input field Søk
  • Menu Menu
Du er her: Hjem1 / Arkiv2 / Velkomne til årets veterancup

Velkomne til årets veterancup

Roald Flodsand42 lag er påmeldt til årets veterancup. Primus motor Roald Flodsand ynskjer alle velkomne til knallharde kampar om lærkula, og seier det meste no er på plass.

Kampane går som tidlegare år i hallane på Årdalstangen og i Øvre Årdal, men neste år ser Flodsand fram til at ein del av kampane vert avvikla i den nye Lærdalshallen.


-Det blir stort for oss å ha deler av arrangementet i ny idrettshall i Lærdal, ikkje minst reint praktisk. Me vil likevel vere avhengig av å ha eit godt samarbeid med idrettslaga i Årdal, både når det gjeld bruk av idrettshallane og ved gjennomføringa av turneringa. Den innsatsen og velvilje tillitsvalte i nabokommunen har synt er berre heilt fantastisk, seier Roald Flodsand. Han vil og understreke at den nye idrettshallen i Lærdal ikkje blir bygt for veterancupen, dei vil sjølvsagt betale leige for å disponere hallen til sitt arrangement.


Over same lest


 


Årets turnering vert avvikla over same lest som tidlegare. 24 lag er påmeldt i veteranklassen, 12 i oldgirls og 6 lag i klassen for oldboys.


-Eg vil spesielt framheve dameklassen som har hatt store auke i talet på lag. Dette mykje takka vere Aud Inger Sviggum Tangen i Kaupanger, som har stått veldig på for å få med fleire. Ikkje minst blir det artig å sjå korleis Trondheims Ørn sine damer vil hevde seg i turneringa, seier Flodsand. Nytt av året er og at Lærdal stiller med damelag. Vålerenga og Rosenborg har vore faste innslag i veteranklassen, men stiller av ulike årsaker ikkje denne gongen.


-Eg har likevel fått melding om at dei truleg kjem sterkt tilbake neste år, fortel Flodsand.


Øberg på plass


Som i fjor kjem også veterandommaren Henry Øberg til årets turnering, ikkje som domar men som invitert tilskodar. Derimot vil tidlegare eliteseriedommar Rolf Nyhus bli å sjå i svart dommardrakt både fredag og laurdag.


-Me håpar elles på stor oppslutnad frå publikum, og dersom nokon er i tvil. Overskotet går tilbake til aldersfastlagd fotball i Lærdal, Jotun og Årdalstangen, seier Roald Flodsand.

Del dette innlegget
  • Del med Facebook
  • Del med X
  • Del med epost
http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png 0 0 Veterancup http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png Veterancup2006-01-26 00:00:002006-01-26 00:00:00Velkomne til årets veterancup

Hovudsponsor

Sogn Sparebank

Samarbeidspartner

Tide
Lærdal Hotel
Hydro
Infraplast

Supporterlaget

Sognenett
dRofus
Stordal
Hardangerbestikk
Agnitio
Argus Remote Systems AS
Toyota Sogn AS
Sogndal Bilpleie & Sogndal Bilutleige AS
Lerum
Flamsbana
Laerdalsoren Hotel
Lærdal Kommune
Aurland Kommune
Årdal Kommune
Link to: Velkomne til årets cup Link to: Velkomne til årets cup Velkomne til årets cup Link to: Ham-Kam er klare for ei ny helg i Sogn…. Link to: Ham-Kam er klare for ei ny helg i Sogn…. Ham-Kam er klare for ei ny helg i Sogn….
Scroll to top Scroll to top Scroll to top