Hugs påmeldngsavgifta



Påmeldingane til neste års veterancup, strøymer på.  Pågangen er så stor i dei eldste klassane  at det kan sjå ut som vi må setja «lag på vent». 


Difor er det svært viktig at laga betalar påmeldingsavgifta seinast innan 10 dagar etter påmelding.  Absolutt siste frist for betaling er 1.desember 2007.

Betalngsinfo ligg på nettsida.


Publisert: Ruthl@mail.ardalsnett.no


 

Veteranturneringa 2008


Veteranturneringa i 2008 vert halden helga 25. – 26. januar.  Det er då 10 år sidan fyrste veteranturneringa vart halden.

Laga kan allereie no starta å melda seg på.


Kanskje får publikum sjå att Bruce Grobbelaar i Florø målet også til neste år???


Overraskingar vert det heilt sikkert…. 10 år MÅ markerast !!!

Trekningsliste på «Bit for bit» konkurransen …

Før Veterancup 2007 var det i vekene før turneringa ein konkurranse på nettsida vår.


Me hadde mange innsende  som svara både rett og galt.


 


Fylgjande er uttrekt :


 

1    Unni Haaland  Klepp
2    Kjell Rune Pedersen
3    Synnøve Tverrlid
4    Kai Wigum
5    Knut Bordal
6    Magne Tonning


Vinstar er signerte trøyrer frå : Norske herrelandslaget, Brann, RBK og
Sogndal. 2 UMBRO gensarar.


Vinnarane kan senda mail med mobilnummer til post@hardangerfjordvegen.com
Set opp ei rangering av kva de ynskjer å vinna.


for Veterancup 2007


Roald Flodsand

Helsing frå Ham Kam og Terje Kojedal


Terje Kojedal har sendt fylgjande helsing til Veterancupen:

«Takkar for nok et flott opplegg ifm. Veterancup 2007.  Selv om vi heller ikke i år er fornøyd med den sportslige innsatsen, har vi som vanlig hatt en helg fylt med latter og sosialt samvær.  All honnør til dere som arrangører, som gis for lite ros i forhold til innsatsen og gjennomføringen.  At vi alle er fornøyde sier seg vel selv ved at vi kommer tilbake år etter etter år…..


 

Vi snakkes senere, ønsker selvsagt å komme tilbake med gjengen også neste år! Hils til alle i staben !!


Mvh. Terje og de øvrige fra Hamar. «


Veterancupen takkar for flott tilbakemelding og ynskjer Ham Kam hjarteleg velkommen tilbake neste år !!!


 


ruthl@mail.ardalsnett.no        (Ruth Laberg)


 

Bilete frå Veterancup 2007

Her finn du bilete frå Veterancupen 2007. Klikk på bilde for stor versjon.





































































Les og om veterancupen på www.porten.no


Foto: Steinar Kvigne

Dansk utklassing i UMBRO Veterancup 2007





Lyngby vart eit nummer for store for dei norske laga i veteranklassa. I oldboys vann Djerv 1919 i si første Veteranturnering. Klepp slo Asker i ein svært jamn oldgirlsfinale. I veteran +50 tukta Viking Vålerenga.

Suverent dansk lag
Lyngby, med brødrene Laudrup i spissen, var eit nytt og svært hyggeleg lag å få på besøk. Men dei var ikkje beskjedne på bana i Lærdalshallen. Dei varta opp med teknisk fotball som vi aldri har sett i tidlegare turneringar. Dragningar, vendingar og overraskande pasningsval gjorde sitt til at motstandarlaga hadde store problem. Med stor evne til å halde ballen i laget tilførde Lyngby innefotballen ein ny dimensjon ved svært offensivt keeperspel.  Michael Laudrup vart og kåra til turneringas beste spelar.


Oldgirlssiger til Klepp


I oldgirlsklassa overraska Baune oss i innleiande rundar, men makta ikkje å komme seg heilt til finalen. Der møttest dei to storlaga på damesida Asker og Klepp. Gunn Nyborg held sin vaksne alder framleis svært godt nivå, men det var ikkje nok til å hindre Kleppjentene å hale i land sigeren.


Viking vann 50+
Den nye 50+klassa er komen for å bli. Dei gamle er framleis ikkje eldre enn at dei veit å bite frå seg når dei må. Viking stilte med ein stor og solid tropp, og vann over Vålerenga etter ein jamn kamp.


Djerv 1919
Djerv 1919 var på si første Veterancupturnering, og var ikkje snauare enn at dei fråvrista Jotun sjansen til å ta med pokalen til Årdal att.


Alle resultat fin du her


Ros til ny hall
Veterancupen har sidan starten hatt hall i Lærdal som eit stort ønske, og i år kunne vi altså ta i mot laga for første gong i Lærdalshallen. -Dette er utan tvil den beste hall eg har spelt i. Godt dekke, og eit fantastisk lys, sa Sørloth til porten.no. Arrangøren er også svært nøgd med å ha ein ny arena å tilby laga, i tillegg til dei to hallane i Årdal, og vi reknar med at alle som har hatt ansvar for realiseringa av hallen legg merke til godorda frå RBK-veteranen.


Tradisjonell bankett
Banketten vart i år som tidlegare avvikla på Lærdal hotell. Med vel 300 fotballglade spelarar til bords er det ei utfordring i seg sjølv. Godt humør og svært stor danseglede prega laurdagskvelden.


Les meir på porten.no  

Knut Bordal og Magne Øvstetun……..


…Knut Bordal og Magne Øvstetun knalla inn dei to måla på Jotun Veteran.


Bruce Grobbelaar hadde ikkje sjanse på dei to skota.
Kampen enda uavgjort 2-2.  Jens Herstad i Jotunmålet starta turneringa like glimrande som i fjor, med fleire kanonredningar.
Følg med på live oppdateringar……

Jotun old boys held fram som i fjor.  Dei slo Jondal 3-1.

Old boys laget har med gjestespelar frå Høyanger, Ingebjørn Grønvold.


 


 

Viking stiller med kanonlag…



..Viking er i gang med sin fyrste kamp i Årdalshallen.


…DETTE Vikinglaget  vert ikkje enkelt å slå i helgas turnering.  Dei ledar no 4-0 over Tempo.

Det er ikkje berre Viking som spelar godt.  Vålerenga og Erik Foss briljerar på bana.



….also, det er verdt å ta ein tur i hallane og sjå på kampane i helga.

Fjorårs vinnar Ålesund får nok noko å bryna seg på i helgas turnering.




Ruth Laberg


 

NB !!! Enno ei endring på kampoppsettet…


Veterancupen fekk i går melding om at TV-2 kjem og filmar nokre kampar i Lærdalshallen.  Grunna dette vert det nokre endringar på kampoppsettet.  Nokre kampar er flytta mellom hallane og andre kampar er det bytta tidspunkt på.


DET ER DIFOR SÆRS VIKTIG AT DU SJEKKAR OPPSETTET.  DU KAN NYTTA LINKEN SOM LIGG I HOVEDMELDINGA ØVERST PÅ SIDA.

DÅ YNSKJER ME ALLE LAGA OG PUBLIKUM VEL MØTT TIL UNDERHALDANDE FOTBALLKAMPAR I DEI TRE HALLANE INST I SOGNEFJORDEN !! 


 


webansvarleg: Ruthl@mail.ardalsnett.no       (ruth laberg, 99 51 91 80)

Knut Arne styrkar Vålerenga

Knut Arne Klingenberg frå Årdalstangen har meldt «overgang» til Vålerenga.

Klingenberg som tidlegare har spelt både for Lærdal og ÅTIL skal spele for Vålerenga sitt +50 lag under årets Veterancup. Sjølv ser han fram til å spele på lag med veterangjengen frå Oslo.


-Eg reknar med at eg kjem til å styrke laget, elles hadde dei vel ikkje bedd meg å stille opp. Her er det ikkje snakk om å vere listefyll, eg kjem til å gi alt for laget til Klanen, seier ein smilande blid Klingenberg. Som alltid lovar han maks innsats, og ser heller ikkje vekk frå at overgangen til laget frå hovudstaden vert permanent.


-Dersom eg ikkje skriv under på ein langsiktig kontrakt, reknar eg med at Erik Foss går tilbake til Oslo. Han har vel lova liknande ting tidlegare, seier Knut Arne Klingenberg som gler seg veldig til årets Veterancup.


Steinar Kvigne