• Link to Facebook
VeteranCup
  • Heim
  • Regionen
  • Overnatting
  • Turnering
  • Transport
  • Historie
  • Biletarkiv
  • Påmelding
  • Kontakt oss
  • Click to open the search input field Click to open the search input field Søk
  • Menu Menu
Du er her: Hjem1 / Arkiv

Velkommen til Liverpool-nytt

Velkommen til Liverpool-nytt.
På denne sida vil me legge ut nyhende relatert til Liverpoollegendene i tida fram mot turneringa.
I feltet til høgre på skjermen ser du kva bedrifter som har bidrege til å få Liverpool legends til Sogn i år.
Me takkar dei for sporty og offensiv innsats, og håpar de set pris på sponsinga dei og alle
våre andre sponsoarar gjer for turneringa og for aldersbestemt fotball i Sogn.
Veterancup rettar ei stor takk til dykk alle!


 

http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png 0 0 Veterancup http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png Veterancup2008-01-10 00:00:002008-01-10 00:00:00Velkommen til Liverpool-nytt

Ettertrakta keeper….


For 2 år sidan vakta denne karen , Jens Herstad målet for Ålesund.  Etter å ha vore på jakt etter keeper, var Ålesund heldige å få Herstad med på laget.  Om me ikkje hugsar feil, bidrog han sterkt til at Ålesund vart vinnarar dette året.  Berre to ballar gjekk forbi Jens og i mål under 2006 – turneringa.


I fjor spelte Jens for heimelaget Jotun, men i år…….

….ja, det ryktast at den gode keeperen skal vakta buret for Sogndal i denne turneringa. 


 Sogndal har meldt på lag både i 40+ og 50+ klassa.


«Manager», Kåre Jan «kokken» Mjelleli, har lova oss lagoppstillingane fyrstkomande fredag.  På sms til nettsida lovar han to gode Sogndals lag.


Sogndal som i 2003 gjekk heilt til topps i turneringa, har hevda seg i sluttspelet kvar år sidan.  Det gjenstår  å sjå om den «spretne» keeperen frå Årdal kan vera med å ta Sogndal heilt til topps att. 


Publisert: Ruthl@mail.ardalsnett.no


 


 

http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png 0 0 Veterancup http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png Veterancup2008-01-09 00:00:002008-01-09 00:00:00Ettertrakta keeper….

Deltakerlister 2008

Rosenborg old-boys 2003

Jula 2007 er snart over og det er på høg tid å tenkja på å nå toppformen til Veterancup 2008.


Som de fleste sikkert har lagt merke til, er det ved neste års turnering rekorddeltaking.  Det vert mange lag ¨å halda styr på, og i den forbindelse vil eg minna om at lagleiarar sender inn oversikt over deltakarar på dei ulike laga.


 

De kan nytta vedlagde skjema og senda det til Ruthl@mail.ardalsnett.no, innan 15. januar 2008.


 Skjema:


Publisert: Ruth Laberg, ruthl@mail.ardalsnett.no


 

http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png 0 0 Veterancup http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png Veterancup2007-12-26 00:00:002007-12-26 00:00:00Deltakerlister 2008

Gjestebok, Veterancup


Etter å ha vore «angrepen» av virus, er no gjesteboka til Veterancupen «oppe å går att».


Vert kanskje nokre endringar undervegs, men det er no fullt muleg å legga inn nokre ord.


Gjesteboka finn du i venstremenyen.


Ruthl@mail.ardalsnett.no


 

http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png 0 0 Veterancup http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png Veterancup2007-12-21 00:00:002007-12-21 00:00:00Gjestebok, Veterancup

Gjestebok

Her kan de legga inn meldingar.  Kjekt å fylgja med på dei ulike laga sin innspurt mot Veterancupen., og om de måtte ha meiningar om turneringa etter turneringsslutt.  Så skriv i veg.

Publisert: ruthl@mail.ardalsnett.no

http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png 0 0 Veterancup http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png Veterancup2007-12-21 00:00:002007-12-21 00:00:00Gjestebok

Overnatting under Veterancup 2008



Det har vore ein del spørsmål kring overnatting under Veterancup 2008.


No har vi fått henta inn prisar og kontaktopplysningar.

Prisar Lærdal Ferie og Fritidspark:


Kr. 720,00  pr. person , inkluderar frukost, pålagt sengetøy i hytter for 4pers.
Kr. 720,00  pr. person, inkluderar frukost , pålagt sengetøy i motell rom for 2. personar.


Kr. 965,00  pr. person, inkluderar frukost, pålagt sengetøy i i leilegheitar.
Det er dusj og toilett på alle rom.



Kontaktpersonar:


Lærdal Ferie og Fritidspark:   info@laerdalferiepark.com
Tlf: 57 66 66 95
Fax:57 66 87 81


Veteranturneringa 2008:
Per Steinar Kvamme
90 94 61 60


Publisert av: Ruthl@mail.ardalsnett.no


 

http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png 0 0 Veterancup http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png Veterancup2007-12-13 00:00:002007-12-13 00:00:00Overnatting under Veterancup 2008

Ein «kropp» for turneringar…..

Terje Hovdenak i flott stil
Nettsida har vore i kontakt med Brann sin «eminente» keeper Terje Hovdenak.  Han er nok ein gong klar til fotballturnering i Lærdal.  Som han seier, så har han ein kropp som kun vert brukt til turnering, så får resten av Brann gutane stå for treninga elles i året……


Men kva gjer vel det, når han leverar kanonredningar utan trening… (sjå bilde, klikk på bilde for større versjon)

Dette bildet har eg snoka til meg og fått greie på at det vart teke for berre 2 månader sidan..!!!  Bildet er teke i forbindelse med utgjeving av Pondus bok nr. 7.  Og det er Frode Øverli som er straffeskyttaren.  Da er det opp til konkurrentane å studera bildet.. og kanskje vurdera om det i heile teke er bryet verd med all treninga, så lenge ein kan levera slik «akrobatikk i buret» 🙂


Som nokre kanskje veit er Terje ein dyktig bilseljar.  Også i år har han stukke av med ein gjev premie i bilseljarbransjen.  Han har vunne tur til Hong Kong og Vietnam.  Og det akkurat den helga som Veteranturneringa vert arrangert…..


Men Terje sviktar ikkje lagkameratar og heller ikkje Veteranturneringa.  So han vert å sjå mellom stengene i 2008 også.  Noko vi arrangørane set stor pris på 🙂


Publisert for Veteranturneringa: Ruthl@mail.ardalsnett.no


 

http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png 0 0 Veterancup http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png Veterancup2007-12-13 00:00:002007-12-13 00:00:00Ein «kropp» for turneringar…..

Turneringa fullteikna….


Veteranturneringa 2008 er no fullteikna.  Det betyr at lag som melder seg på heretter, står på venteliste i tilfelle det skulle vera lag som av ulike grunnar må trekkja seg frå turneringa.


I old-girls klassen manglar påmelding frå to lag, men desse er på veg.


Roald Flodsand & co kan sjå fram mot rekord når det gjeld antall deltakande lag.

Berre eit år tidlegare har det vore påmeldt like mange lag som til 2008 turneringa.


Publisert: Ruthl@mail.ardalsnett.no


 

http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png 0 0 Veterancup http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png Veterancup2007-12-13 00:00:002007-12-13 00:00:00Turneringa fullteikna….

Årets julegåve til «Liverpool-fansen»…..



Veterancup 2008 har i dag fått bekrefta at Liverpool med Bruce Grobbelar i spissen vert å sjå under neste års turnering.


Kva spelarar som kjem er enno ikkje heilt avklara, men me kan lova kjende namn.


Me kjem nærare tilbake med meir info, so snart dette er avklara….

Spennande vert det iallefall å sjå våre lokale heltar i dyst mot Liverpool…


Publisert : Ruthl@mail.ardalsnett.no


 

http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png 0 0 Veterancup http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png Veterancup2007-12-10 00:00:002007-12-10 00:00:00Årets julegåve til «Liverpool-fansen»…..

Helsing frå Bruce Grobbelaar



Bruce Grobbelaar var vel ein av dei største profilane under 2007 -turneringa.  Den fyrste kampen i Veterancup 2007 var som dei fleste kanskje hugsar mellom Jotun og Tempo, der Bruce var Tempo sin keeper.


Bruce har sendt oss ei helsing, der det går klart fram at han hadde ei flott oppleving både sportsleg og sosialt.

Me håpar Bruce vert å sjå under 10 års jubileumet til Veterancupen i 2008.  Under kan den som ynskjer lesa helsinga frå Bruce Grobbelaar.


Helsinga ligg her:


Publisert: (Ruth Laberg) ruthl@mail.ardalsnett.no


 

http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png 0 0 Veterancup http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png Veterancup2007-11-26 00:00:002007-11-26 00:00:00Helsing frå Bruce Grobbelaar
Side 40 av 49«‹3839404142›»

Hovudsponsor

Sogn Sparebank

Samarbeidspartner

Tide
Lærdal Hotel
Hydro
Infraplast

Supporterlaget

Sognenett
dRofus
Stordal
Hardangerbestikk
Agnitio
Argus Remote Systems AS
Toyota Sogn AS
Sogndal Bilpleie & Sogndal Bilutleige AS
Lerum
Flamsbana
Laerdalsoren Hotel
Lærdal Kommune
Aurland Kommune
Årdal Kommune
Scroll to top Scroll to top Scroll to top