Gary Gillespie Liverpool spelar nr. 5 til Veterancup


Gillespie er fødd 5. juli i 1960.Han vart kjøpt frå Coventry 8. juli 1983 og debuterte for Liverpool 7. februar 1984.
Han hadde allereie hatt samtalar med Arsenal då han fekk greie på at Liverpool var ute etter han.


Gillespie gjekk til Celtic i 1991, der han var i 3 år.  Deretter enda han opp i Coventry der han også seinare vart ein del av teamet rundt laget.

Me ser fram til å sjå Gillespie under Veterancup 2008.

Ruthl@mail.ardalsnett.no


 

Elnesvågen deltek for fyrste gong i Veterancup



Elnesvågen stiller lag for fyrste i Veterancup.


Dei  8 spelarane er(bak frå venstre):
Frank Robert Berget, Kurt Mørkøre, Torbjørn Heimen, Jostein Flønes, Arnfinn Fedje.
Framme frå venstre:  Gunnar Stolsmo; Harald Johny Fedje og Helge Storvik.

Elnesvågen stiller i raude drakter.  Desse var ikkje klare til søndagstreninga i går.  Den ihuga Liverpool supporteren Torbjørn stiller i Liverpooldrakt.

Me ynskjer Elnesvågen velkomne til turnering siste helga i januar. 


 


Ruthl@mail.ardalsnett.no


 

Rob Jones, Liverpool spelar nr.4


Rob Jones (1971) begynte sin fotballkarriere i Crewe før han noko overraskande vart kjøpt av Liverpool manager Graeme Souness oktober 1991.
Rob Jones gjorde sin debut for Liverpool som høgreback, kun 2 dagar etter han skreiv under for Anfield klubben borte mote erkerival Manchester United. Alle som såg kampen vart imponert over korleis han holdt vidunderbarnet Ryan Giggs under kontroll heile kampen.


Han fekk sin fyrste landskamp for England mot Frankrike på Wembley februar 1992. Etter sesongen 1996 måtte han ta eit seksmånaders avbrekk pga ryggproblem.  Jones blei frigitt av Liverpool etter sesongen 1998/99.  Totalt spelt eJones 243 kampar for Liverpool. Pga skader la han opp sin fotballkarriere i 1999.

Paul Walsh til Veterancup


Paul Walsh(1962) var ein stor favoritt blant «fansen» i Liverpool.  Han kom til Liverpool frå Luton i 1984 med eit godt rykte.  Han var nemleg nett kåra til «årets unge spelar».
Det tok Walsh kun 14 sekundar i heimedebuten før han imponerte heimefansen med å scora.  Det var i ein kamp der Liverpool slo West Ham 3-0.

Paul Walsh har spelt i desse klubbane:
Charlton, Luton, Tottenham, Queens Park(lån), Portsmouth og Manchester City.

Han har vore med og vunne «First Division Championship 1985/86» og «Screen Sport Super Cup 1986» for Liverpool.

Kneskader enda karrieren hans i 1996, men Walsh sin status blant Liverpool fansen vert nok aldri gløymt.


Ruthl@mail.ardalsnett.no


 

Helsing frå Tone Haugen og Trondheims-Ørn jentene….



Nettsida har vore i kontakt med Trondheims-Ørn sin kaptein Tone Haugen.  Ho har dette å seie før turneringa brakar laus om knappe 14 dagar.:


 

«

Godt Nyttår Fotballvenner og vel møtt til ei fin fotballhelg!!


 Ørnene fra Trondheim kaller: I år er vi havnet på et motell i bygda tiltross for at undertegnede tok med seg hotell-nøkkelen som skulle sikre bopel også dette året (he..he..). Stor pågang i år med masse folk og det er bra!


 


Den harde kjerne stiller atter en gang til årets første  store  fotball dyst. Treningsbøkene er blitt innlevert og registrert av undertegnede. Og for å si det rett ut: ”Dette lukter det svidd av….???” I tida etter det forrige fotball-slaget har våre spillere blitt påført en del skader som bla.  prolapser, menisker, sprøe akilleser, blindtarmbetennelser og ryggproblemer,  for å nevne noe. Men uansett disse små hindringene så har vi et slagkraftig lag også i år. Husk bare på at en må godta at vi ALLE er blitt ett år eldre og da må en regne med litt svikt både her og der. 


 


Det SOSIALE blir uansett det viktigste selv om at konkurranse-innstinktet ligger der når kampen starter . På banketten i fjor satt vi sammen med dommerne med sine respektive. Utrolig koselig. Hvem får vi sitte sammen med i år mon tro ?  Bruce, Kenny Daglish,  Ian Rush kanskje …eller de danske drengene?


 


Ønsker alle sammen ei riktig fin fotballhelg og «


 


lykke til med arrangementet Lærdal IL  2008!


 


Vi glær oss!! 


 


Med hilsen Trondheims-Ørn  v/ Tone Haugen  ( Motell-nøkkel-sjæf)

Publisert for Trondheims-Ørn: Ruthl@mail.ardalsnett.no


 

John Wark kjem til Veterancup..


John Wark er ein av spelarane me får sjå på Liverpoollaget som gjestar Indre Sogn siste helga i januar.

Wark er fødd i Glasgow i 1957.Han starta si karriere i Ipswich i 1975, der han var med å vinna både FA-cupen og UEFA-cupen.Han blei i klubben fram til 1984 då han blei kjøpt av Liverpool for 450.000. Her var han blant anna med å vinna 2 ligameisterskap.I sin fyrste sesong for Liverpool vart Wark toppscorar med 27 mål.  Han returnerte til Ipswich i 1988 før han signerte for Middlesbrough i 1990. Her vart han berre eit år før han igjen gjekk tilbake til Ipswich.  Han la opp si fotballkarriere i 1997, 40 år gamal.

Publisert: ruthl@mail.ardalsnett.no


Liverpool



LIVERPOOLNYTT: sjå linken til venstre.

KAMPOPPSETT HER

Veteranturnering 25-26. januar 2008

Årdalsnett gir fotballbillettar til breibandkundar..

Veteranturneringa har vore kjend for dei siste åra å ha direkte oppdatering «på nett» frå alle kampane som vert spela i dei ulike hallane.

Dette skal me også ha i år.  Veterancupen har fått sponsa breiband turneringshelga, frå vår lokale breibandleverandør.

Til gjengjeld får Årdalsnett gratis kampbillettar.  Desse vert lodda ut blant Årdalsnett sine kundar.  Sjå deira heimeside: www.ardalsnett.no , og du kan vera med i trekninga av billettar til den store fotballhelga 25 og 26 januar 2008.


Publisert: ruthl@mail.ardalsnett.no

Liverpool auksjon….

Auksjon:
No kan draumen gå i oppfylling! I samarbeid med auksjonsnettstaden www.gooba.no kan du no delta på auksjon
for å få spele på laget til Liverpoollegendane når dei kjem til Veterancup! Auksjonen blir avslutta
Onsdag 23. januar kl 21.00, og vinnaren får ei oppleving for livet. I tillegg til å være med på Liverpoollaget
gjennom helga, blir hotellopphald og bankett dekka. Auksjonen starta i dag fredag 11. januar, og denne
kan du følgje og delta på via Gooba sine heimesider (registrer deg som kunde og
få opp budet …..
Lykke til !!

Dommarane klare til turnering ..



Nettsida har fått melding frå dommarsjefen, Torstein Kvam.  Han kan fortelja at dommarane stiller godt førebudde. Og at dei i år er 11 dommarar som skal bidra til å øydelegga nokre kampar…..


Også i år har Torstein fått ein debutant blant dommarane.

….od det er ingen kven som helst…. Jan Erik Olsen frå Drammen.  Han var toppdommar for mange «herrens år sidan». Det er så lenge sidan at Torstein vurderar at «gåstol» må stå klar på sidelinja….


Forutan Jan Erik, stiller fylgjande dommarar:


Anders Hestetun (Jotun), Oddvar Bruhaug (Årdalstangen), Inge Seglem (Årdalstangen), Robert Endestad( Tempo), Sigvald Taule (Brann), Jonny Skjerven (Kaupanger), Tommy Bottenvik (Sørumsand), Einar Halle (Molde), Svein Inge Thime (Randaberg) og Torstein Kvam (Årdal).


Me har gleda av å informera om at vår gode venn og mentor Henry Øberg har takka ja til invitasjonen, og vil verta å sjå i Årdal/Lærdal helga 25. -27. januar 2008.


Publisert for Torstein Kvam


Ruth Laberg


 ruthl@mail.ardalsnett.no