Auksjonen avslutta..





Då er auskjonen om å vera ein del av Liverpoollaget under årets veterancup avslutta.  Det høgaste budet vart kr. 9000,-


Budet kom frå ein person i Svelvik.


Det var ein intens kamp  mellom to personar dei siste timane før auksjonen vart avslutta.


 


Publisert: Ruthl@mail.ardalsnett.no


 

Kontaktpersonar Veterancup


Sist søndag hadde styre i Veterancupen, det siste møtet før det brakar laus til helga.
Nokre av oss har jamnleg kontakt med fotballfolk frå heile landet.  Mange spørsmål vert stilt i hektiske månader før turneringa startar.
Om det er spørsmål til oss under turneringa er det berre å fyra laus.
Bak frå venstre: Roald Flodsand, Rolf Jerving, Egil Mundal, Bjørn Øvstetun, Ruth Laberg
Framme frå v:Wiggo Hustad, Johnny Skjerping, Torstein Kvam, Elmar Gjesdal og Per Steinar Kvamme. Sjå elles: Kontaktinfo på Veterancupsida.

NB!! Endringar kampoppsett





Endeleg versjon av kampoppsett er no lagt ut. Det er nytt
oppsett i gruppe OG1.


 

Det er også nokre endringar i Tangenhallen på
fredag, i Lærdalshallen på fredag og i Årdalshallen på laurdag. Ber
om at alle laga sjekkar nøye på nytt sine kampar!!!


Under resultatservice opp til venstre finn ein også oppdatert
kampprogram pr. pulje.


 

Bent Christenesen er klar for Veterancup



Bent Christensen (1963) var dansk fotballspelar og tidlegare sjefstrenar for Lyngby Ballklubb.

Bent spelte på midtbana og oppnådde i sin karriere 4 landskampar med debut i 1988 mot Polen.

Han spela i sin ungdom for «Værløse Boldklub» og i sin seniorkarriere for Lyngby Ballklubb.


 


Ruthl@mail.ardalsnett.no


 

Ein av dei virkelege veteranane i Norsk damefotball



Laila Konglevoll, frykta spiss i Sandviken.  Laila har vore med heilt frå starten i Sandviken. 

Bildet er teke for nøyaktig 30 år sidan. (1978)


Ho var den gang kaptein, og spelar selfølgeleg på Sandviken sitt lag under Veteranturneringa 2008.



Ruthl@mail.ardalsnett.no


 

Ronnie Whelan


Ronnie Whelan, fødd 25.09.1961 er tidlegare fotballspelar for Liverpool og tidlegare manager for Southend United.

Han var ein viktig del av Liverpools dominerande lag på -80 talet.
Ronnie var ein glitrande midtbanespelar, og blei signert 19. september 1979 av Liverpool legenden Bob Paisley. Etter «læresesongen» i Liverpool, overtok han påfølgande sesong plassen til Ray Kennedy på midtbana.  Dette vart ein glimrande sesong for Whelan som hjelpte Liverpool til eit nytt ligameisterskap.  I tillegg vann Liverpool ligacupfinalen mot Tottenham  (3-1), etter at Whelan scora 2 mål.
Totalt hadde Ronnie 493 kampar og 73 mål for Liverpool.  Siste målet scora han 22.08.1993

Ruthl@mail.ardalsnett.no


  

Danske Lyngby er klare for Veteranturneringa 2008


Torben Piechnik er fødd 21. mai 1963.  Hans beste resultat som fotballspelar, er utan tvil EM-gull i 1992.
Han rakk i perioden 1991-1996 å spela 15 landskampar.


Som 16 åring fekk Torben sin debut for «Kjøbenhavns Boldklubb».  Her var hann i 8 år.


Dei fylgjande åra, skifta han klubb ei rekkje ganger.

Og etter triumfen i EM, førde det til at dei store klubbane fekk augene opp for dansken.  Torben enda i Liverpool, men pga langvarig skade var ikkje dette opphaldet så vellukka. Han hadde 24 kampar for Liverpool.


Etter at han la profisjonell fotball på hylla, begynte han i transportbransjen.  Men utdanna seg seinare til fysioterapeut, og arbeidar framleis som det.


Han spelar framleis aktiv Old-boys fotball og «Showstars1 fotball.


Ruthl@mail.ardalsnett.no


 

Fleire Liverpoolspelarar klare





Jason McAteer , fødd 18. juni 1971. Har spelt for desse klubbane: Bolton, Liverpool, Blackburn, Sunderland, Tranmare.









Bob Bolder, fødd 02.10.1958 i Dover England.  har spelt for Dover, Sheffield Wednesday, Sunderland, Charlton.


Signerte for Liverpool i 1983.  Bolder var Wednesdays keeper i 6år. Hadde spelt 200 kampar før han gjekk til Liverpool.


Ruthl@mail.ardalsnett.no


 

Wapo spelar opp til dans i 2008 også….


Det trufaste «turneringsbandet», Wapo, vert også i år å sjå og høyra under Veterancupen 2008.


Dei har vore med oss kvart einaste år sidan starten (trur eg).

Dei spelar variert og god dansemusikk.  Dyktige musikarar, med ein vokalist som har ei stemme av ypparste klasse.

Som kjent er det i år rekorddeltaking på Veterancup.  Dette har ført til at me organiserer dansen litt anleis. Denne vert flytta til «store salen», som tidlegare ikkje har vore brukt.  Her vil det verta god anledning og god plass å svinga seg. 


Men fortvil ikkje.  Dei som ynskjer å sitja att rundt borda i spisesalen skal også få høyra god musikk.


«Mix», duo frå Årdal skal underhalda i denne delen av hotellet.  Me lovar fin musikk også her.


 


ruthl@mail.ardalsnett.no 

Fyrste utkast til kampoppsett er klart…



Då er det endeleg klart.  Den fyrste versjonen av kampoppsettet er klart.  Også i år vil vi i dei
ulike hallane ha direkte oppdatering og resultatservice på nett.  Det betyr at kvar hen du er i verda kan du følgja med på resultata i dei ulike kampane som vert spela under Veterancup 2008.

Kampoppsettet ser du under LIVERPOOLNYTT i hovedmeldinga på toppen av nettsida.

Ein av våre gode samarbeidspartnarar Agnitio, har laga resultatserviceprogrammet som vert brukt under turneringa.  Dette er eit viktig hjelpemiddel for å yta best muleg service og oppdatering til publikum.  Det er minst like viktig for arrangørane og ha eit raskt og fleksibelt system.

Det kan enno koma endringar på kampoppsettet. Men me håpar at vèrgudane er med oss, slik at ikkje storm og uvèr lagar vanskelegheitar for oss.

Ruthl@mail.ardalsnett.no