Litt info om transport rundt turneringa 2009





I samband med turneringa 2009, vert det som før sett opp bussruter frå austlandet og vestlandet til Lærdal, fredag morgon.

Det er planar om ein buss frå Fredrikstad kl 07.00 fredag morgon.  Den vil vera i Oslo ca 08.30.

Etter turneringsslutt vert det sett opp buss frå Lærdal kl 11.30.  Tur-/retur Oslo vil koste kr 600,- pr. person.


Frå Flesland og Bergen vert det sett opp fleire bussar til Lærdal på fredag.  Det vert lagt opp til at fyrste bussen frå Flesland går kl. 09.00.  Den siste bussen frå Bergen vil truleg gå kl. 12.00.  Tur-/retur Bergen kostar kr. 500,00


NB!!! Tidspunkta kan bli endra.


Under turneringa vil det verta sett opp bussrute mellom Lærdalshallen og Lærdal Hotel, med avgang frå Lærdalshallen kvar heil- og halv time.


I tillegg vil det bli sett opp bussruter til Tangenhallen og Årdalshallen fredag kveld og laurdag.


Spørsmål angåande transport, kan rettast til Harald Stadheim : HST@ardal.kommune.no


Publisert: Ruth Laberg, Ruthl@mail.ardalsnett.no


 

NB!!Viktig info frå ansvarleg for kampoppsett :



Vedlagt ligg viktig info frå ansvarleg for kampoppsett.  Sjå linken under:


Info kampar finn du her:

Arna-Bjørnar med to lag i neste års cup…


Her kjem ei helsing frå Arna-Bjørnar:

«Når vi ser på det store deltakerantallet fra oss til neste turnering, så er
det bare en bekreftelse på det gode ryktet turneringen har her hos oss ! I
2009 deltar vi for første gang med to lag, ett i old-girls klassen og ett
lag i den nye veteranklassen.


 

Noen drittunger er det på det yngste laget, de
blir nok som rekrutter å regne denne gangen. Aldersspredningen er stor, 15
år mellom eldste og yngste spiller !

Jentene våre er i hovedsak fra Arna, kun tre-fire stykker som ikke har
spilt for klubben. De fleste har trofast forblitt i moderklubben, mens noen
av oss hadde noen år og kastet glans i Sandviken i begynnelsen på
90-tallet..

Arna-Bjørnar er ikke helt fornøyd med de siste års prestasjoner i
Veterancupen, så denne gangen satser vi på en litt lengre
oppkjøringsperiode. Gjennom hele sesongen spiller vi i en knallhard serie i
Hordaland, men turen til Sogn i januar er definitivt sesongens høydepunkt.
Fra sesongslutt begynner vi umiddelbart med innetrening. Trening er
offisielt to ganger i uken, treningsoppmøtet noe varierende. I midten av
januar deltar vi i Viggos inne-turnering i Bergen og de to siste sesongene
har det blitt hhv gull og sølv der 🙂

I Veterancupen har vi deltatt hvert år siden vi jentene fikk lov til å bli
med – det er vi ganske stolte av ! Ambisjonene er stor for begge lag: i år
skal vi prøve å prestere både fredag og lørdag. Banketten er grei, der tar
vi gull hvert år ! «


Lene

Håndtrykket som sikra United til Veterancup 2009.


Turneringsleiar Roald Flodsand har vore i England og sikra at United har sagt ja til Veterancup 2009.

Arthur Albiston, sjef og lagleiar for United veteranane, gler seg til å ta turen til Lærdal og Årdal i 2009.

Arthur Albiston var ein lojal og oppofrande spelar som aldri gjorde ein dårleg kamp.  Om lagkameratane svikta, kunne ein alltid stola på «Chips».


Albiston var med og vinna FA cupen for United i 1977, 83 og 85.  Albiston har spelt for WBA, Shesterfield, Chester City og Molde FK.  Han hadde også 14 landskampar for Skottland.


 


Publisert: Ruthl@mail.ardalsnett.no


 

Julepynt kan vera så mangt……..:-) – iallefall for «Enga» supporterar….


Nettsida vår får mange innspel om dagen.  Nokon av dei, heilt spesielle – slik som historien om denne mannen som kom til Årdal frå Oslo for 40 år sidan (1968).


Kva fekk ein Oslo-gutt til å reisa frå by`n og slå seg til i denne industribygda innerst i ein lang fjordarm , blant desse høge fjella???
Svaret kjem ganske så kontant: Vålerenga rykka ned i 2 divisjon og Lyn vann serien det året.  Skuffelsen var stor, så vegen til vestlandet var kort !

Svein Ålvik har jobba som tannlege i Årdal Kommune i alle desse åra.  Han har gjort seg bemerka i lokalsamfunnet, ved å vera aktiv i fritida.  Blant anna kunne innbyggjarane i Årdal Kommune høyre denne gode radiostemma på Nærradioen i bygda kvar veke i 3 år.  (85-88)
Stemma hans høyrde vi også i mange år på alle heimekampane til Jotun, på Jotun stadion.  Det er nok ikkje løgn å seie at, publikum gleda seg like mykje over kommentarane til Ålvik èn som dei gjorde over det som gjekk føre seg på fotballbana. .-)
Han var heller ikkje vanskeleg å be, om ein liten stakkar fekk tannverk midt på natta.  Ålviken stilte opp uansett tid på døgnet og gjorde slutt på plagene…..


Med slik avstand mellom vest og aust, vert det vel berre å fylgja favorittlaget via TV-kampar?

….»nei, det blir noen kamper» . I år har jeg sett 14 Vålerenga kamper på ulike steder i landet..» Gjennomsnittlig blir det 10 kamper hver sesong…»


Første kampen Svein såg, var i 1956. Vålerenga mot Snøgg (Notodden).  Etter det har hjarta vore i Vålerenga..Svein vart ikkje medlem av «klanen» før i 2003.  Det var da han fann ut det var ikkje noko stas å sitja på fotballkamp – han måtte stå, hoppe og vera med på»livet» blant klanen. I 2004 fekk han i gåve hjå kona si, VIF tatoveringen han har i nakken. 


Tatoveringar er vanleg på arm eller skulder…..Kvifor i nakken??
Svaret kjem like kjapt som på dei andre spørsmåla…..
«….fordi jeg er penest bakfra……»




Jula nærmar seg, og juletradisjonar held Svein Ålvik fast ved på lik linje med dei fleste av oss andre. 


Det som sansynlegvis er veldig forskjellig frå dei fleste av oss andre ….er…..juletrepynten….


For 2 år sidan hadde Svein ifølge han sjølv det finaste juletreet i mils omkrets…  (Han har ei tolmodig kone har vi funne ut)
Pynten i treet var nok ikkje den pynten vi vanlegvis finn på juletrea.
…Ålvikèn hadde like godt klipt ut Vålerenga spelarane og hengt dei fint opp i treet alle sammen 🙂


..Når han kosa seg med sin Akevit om kvelden, skåla han med Rekdal (dengang) og resten av Vålerenga gutta….



Svein Ålvik kjem de mest sansynleg til å få høyra som speaker under turneringa i 2009.  Egentleg har han mest lyst til berre å kommentera Vålerenga kampane, men vi får prøva å overtala han til nokre av dei andre kampane også.


…Har DU ein spesiell supporter historie du vil dela med oss andre fram mot turneringa i 2009, tek vi svært gjerne i mot den og deler den med resten av fotballNorge….


Inntil da ynskjer me Svein, God Jul – kanskje får vi sjå juletreet hans i full pynt når jula senkar seg over oss 🙂


Publisert: Ruth Laberg  (ruthl@mail.ardalsnett.no)  (rlaberg@visma.no)

Takk til alle som deltek i konkurransen !!

Nettsida er svært takknemlege for at så mange deltek i konkurransen på sida vår.  Til info kan eg seie at alle tips vert nøye oppfulgt og registrert i rekneark.  Eg har desverre ikkje anledning å gje tilbakemelding på kvar mail eg får inn.  (da lyt eg slutta i arbeid) Men eg forsikrar alle som sender inn tips, at de vert registrerte.


Hald fram me tippinga !!! Kanskje vert premien din:-) Publisert: Ruth Laberg (rlaberg@visma.no) (ruthl@mail.ardalsnett.no)


 


 

Nytt lag stiller i Veterancup 2009


Veterancupen – vert kvart einaste år utvida med fleire lag.  I 2009 får vi besøk av eit lag som ikkje har delteke tidlegare.  Nettsida har også vore i kontakt med desse.


Vindbjart -Umbro

Vi kommer fra bygda Vennesla 15 km utenfor Kristiansand. De fleste på laget
jobber på Scantrade som er grossist for sportsmerket UMBRO og som i tillegg
har vært med å sponset cupen i noen år allerede.
«

Derfor navnet
Vindbjart/Umbro….Gutta spiller på Vindbjart Old boys og spiller 7`er fotball
i den lokale serien til vanlig. Vennesla er jo mest kjent for UMBRO
SPORTSUTSTYR og i tillegg har vi jo IDOL Jorunn og en værmelder med navn
Gislefoss –som kjendiser fra bygdaJ

Vi trener sammen 1-2 ganger pr uke og har bestilt fly opp til Bergen og
gleder oss masse til å reise på turnering og spille mot gamle helter. I
tillegg så tror jeg det er en del av gutta som ser frem til en lørdag på
fest!!

Vi er med fordi det er sosialt og ikke minst moro og tar alt som en bonus –
skal ikke bli sist!»


Publisert: Ruth Laberg (ruthl@mail.ardalsnett.no  eller rlaberg@visma.no )


 

RBK stiller med 2 lag i Veterancup 2009


 


Gøran Sørløth har på vegne av Rosenborg, vore i kontakt med nettsida – og har dette å meddele:


«Hei alle sammen!
Vi har langt oss i hardtrening, målrettet mot turneringsseier… (Bankett)


 

Treningsdoser siste uke (48); julebord torsdag, fredag og lørdag!
Satser på et vanvittig overskudd i slutten av januar!
Vi kommer med 2 toppalag denne gang, veteran og superveteran.
Alle går og venter på det som alltid er årets høydepunkt, Veterancupen i
Lærdal!!(Det sportslige?),sosiale og ikke minst så får vi jo følelsen med
å være med på «hjelp vi danser» i løpet av helga…
Håper og tror alle kommer til å kose seg noe så inn i h….. i løpet av
jula og januaren, dette med tanke på at vi stiller sånn noenlunde likt når
kampene kommer igang!!
Ha en fortreffelig jul og en heidundrende nyttårsfeiring så sees vi
plutselig!

På vegne av RBK`s veteran og superveteran»

Gøran Sørloth
Møtende spiss


 

Velkomen til Manchester United nytt

Velkommen til Manchester United nytt :


På denne sida vil spelarane som kjem verta presenterte. Det vil også liggja logoar til dei sponsorane som gjer dette mogeleg ! 


 

 

Vert Manchester United å sjå i Veterancup 2009……??


……ja, vert det fortalt.!!!  Ein delegasjon frå Veterancup har vore i Liverpool i helga.  Her har dei hatt samtalar både med Liverpool og Manchester United.
Begge laga seier dei er klare til Cupen i Januar.

Veterancupen er veldig glade for at «storlaga» i England har ynskje om å koma til Årdal / Lærdal midtvinters……


…og akkurat det at det er midtvinters, er det som kan skapa problemer for oss.  Med mykje god hjelp, fekk vi til slutt etter lange forsinkelsar Liverpool til Cupen i 2008.


Om vèrgudane vil, og ikkje noko heilt spesielt oppstår, vert det i tillegg til Liverpool, nok  eit engelsk lag på parketten i Veterancup 2009.


 ….så det er all grunn til allereie no, å merka av 30 og 31. januar 2009 i kalendaren !!!!!


Publisert: ruthl@mail.ardalsnett.no