• Link to Facebook
VeteranCup
  • Heim
  • Regionen
  • Overnatting
  • Turnering
  • Transport
  • Historie
  • Biletarkiv
  • Påmelding
  • Kontakt oss
  • Click to open the search input field Click to open the search input field Søk
  • Menu Menu
Du er her: Hjem1 / Arkiv2 / Julepynt kan vera så mangt……..:-) – iallefall for «Enga» ...

Julepynt kan vera så mangt……..:-) – iallefall for «Enga» supporterar….


Nettsida vår får mange innspel om dagen.  Nokon av dei, heilt spesielle – slik som historien om denne mannen som kom til Årdal frå Oslo for 40 år sidan (1968).


Kva fekk ein Oslo-gutt til å reisa frå by`n og slå seg til i denne industribygda innerst i ein lang fjordarm , blant desse høge fjella???
Svaret kjem ganske så kontant: Vålerenga rykka ned i 2 divisjon og Lyn vann serien det året.  Skuffelsen var stor, så vegen til vestlandet var kort !

Svein Ålvik har jobba som tannlege i Årdal Kommune i alle desse åra.  Han har gjort seg bemerka i lokalsamfunnet, ved å vera aktiv i fritida.  Blant anna kunne innbyggjarane i Årdal Kommune høyre denne gode radiostemma på Nærradioen i bygda kvar veke i 3 år.  (85-88)
Stemma hans høyrde vi også i mange år på alle heimekampane til Jotun, på Jotun stadion.  Det er nok ikkje løgn å seie at, publikum gleda seg like mykje over kommentarane til Ålvik èn som dei gjorde over det som gjekk føre seg på fotballbana. .-)
Han var heller ikkje vanskeleg å be, om ein liten stakkar fekk tannverk midt på natta.  Ålviken stilte opp uansett tid på døgnet og gjorde slutt på plagene…..


Med slik avstand mellom vest og aust, vert det vel berre å fylgja favorittlaget via TV-kampar?

….»nei, det blir noen kamper» . I år har jeg sett 14 Vålerenga kamper på ulike steder i landet..» Gjennomsnittlig blir det 10 kamper hver sesong…»


Første kampen Svein såg, var i 1956. Vålerenga mot Snøgg (Notodden).  Etter det har hjarta vore i Vålerenga..Svein vart ikkje medlem av «klanen» før i 2003.  Det var da han fann ut det var ikkje noko stas å sitja på fotballkamp – han måtte stå, hoppe og vera med på»livet» blant klanen. I 2004 fekk han i gåve hjå kona si, VIF tatoveringen han har i nakken. 


Tatoveringar er vanleg på arm eller skulder…..Kvifor i nakken??
Svaret kjem like kjapt som på dei andre spørsmåla…..
«….fordi jeg er penest bakfra……»




Jula nærmar seg, og juletradisjonar held Svein Ålvik fast ved på lik linje med dei fleste av oss andre. 


Det som sansynlegvis er veldig forskjellig frå dei fleste av oss andre ….er…..juletrepynten….


For 2 år sidan hadde Svein ifølge han sjølv det finaste juletreet i mils omkrets…  (Han har ei tolmodig kone har vi funne ut)
Pynten i treet var nok ikkje den pynten vi vanlegvis finn på juletrea.
…Ålvikèn hadde like godt klipt ut Vålerenga spelarane og hengt dei fint opp i treet alle sammen 🙂


..Når han kosa seg med sin Akevit om kvelden, skåla han med Rekdal (dengang) og resten av Vålerenga gutta….



Svein Ålvik kjem de mest sansynleg til å få høyra som speaker under turneringa i 2009.  Egentleg har han mest lyst til berre å kommentera Vålerenga kampane, men vi får prøva å overtala han til nokre av dei andre kampane også.


…Har DU ein spesiell supporter historie du vil dela med oss andre fram mot turneringa i 2009, tek vi svært gjerne i mot den og deler den med resten av fotballNorge….


Inntil da ynskjer me Svein, God Jul – kanskje får vi sjå juletreet hans i full pynt når jula senkar seg over oss 🙂


Publisert: Ruth Laberg  (ruthl@mail.ardalsnett.no)  (rlaberg@visma.no)

Del dette innlegget
  • Del med Facebook
  • Del med X
  • Del med epost
http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png 0 0 Veterancup http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png Veterancup2008-12-05 00:00:002008-12-05 00:00:00Julepynt kan vera så mangt……..:-) – iallefall for «Enga» supporterar….

Hovudsponsor

Sogn Sparebank

Samarbeidspartner

Tide
Lærdal Hotel
Hydro
Infraplast

Supporterlaget

Sognenett
dRofus
Stordal
Hardangerbestikk
Agnitio
Argus Remote Systems AS
Toyota Sogn AS
Sogndal Bilpleie & Sogndal Bilutleige AS
Lerum
Flamsbana
Laerdalsoren Hotel
Lærdal Kommune
Aurland Kommune
Årdal Kommune
Link to: Takk til alle som deltek i konkurransen !! Link to: Takk til alle som deltek i konkurransen !! Takk til alle som deltek i konkurransen !! Link to: Håndtrykket som sikra United til Veterancup 2009. Link to: Håndtrykket som sikra United til Veterancup 2009. Håndtrykket som sikra United til Veterancup 2009.
Scroll to top Scroll to top Scroll to top