Påmeldingsavgift kr 2.000,-

Påmeldingsavgifta blir for 2010 kr 2.000,- per lag. Dette blei bestemt i styremøte 18.10.2009.


I styremøtet var det god stemning, og planlegginga for 2010 er godt i gang. Det er mange som ventar på tilbakemelding i høve overnatting. Vi kan ikkje gi konkrete tilbakemeldingar på dette enda, men kan seie at vi ordnar overnatting til alle. Lærdal Hotell står som hovudkoordinator, og vi ber om at kontakten dykkar går til dei direkte vedrørande dette. Vi vil legge ut nytt om dette etterkvart som vi har fått dei ulike overnattingsstadene avklart og kabalen byrjar å gå opp.

 


Slik det ser ut no, vil vi i år introdusere turneringa vår også i Aurland. Aurland opna i 2009 ein ny flott hall som vi håpar å få prøve. Geografisk ligg Aurland på vegen frå Voss til Lærdal, og kunn Lærdalstunnelen står mellom dei to stadene Aurland-Lærdal. Dette reknar vi med å få avklart innan kort tid. Dette kan gjere til at vi ikkje spelar kampar så langt ut på kvelden fredag. Det kan då også bli eit alternativ å nytte eit flott hotell i Aurland som ligg i gangavstand til hallen, for overnatting, men dette vil vi i såfall komme tilbake til.


Mange gode alternativ er på gang, så speletid og overnatting skal det bli til alle!!

Informasjon

 


Også i år ser vi rekordstor pågang med lag til Veterancup. Vi har over 50 lag påmelde, og fleire lag som no ligg på venteliste. Og vi skriv framleis oktober 2009… Det er flott for arrangøren å sjå at interessa er så stor, og vi gledar oss stort til Veterancup 2010!


 


Som tidlegare år er det ein del spørsmål rundt det praktiske, som til dømes overnatting. Styret i Veterancup jobbar med dette kontinuerlig.

 


Alle har nok fått med seg at vi ikkje har nok overnattingsplassar i Lærdal. Men andre gode alternativ er under vurdering, så det skal bli muleg for oss å ta imot like mange som i 2009. Vi regnar med å komme med meir konkret informasjon om dette, i løpet av veke 43.


 


Vi vil oppmode flest mogleg om å melde seg inn som abonnentar på nyhende! Dette er gratis, og slik får de nyhende direkte til mailen dykkar, når heimesida vår blir oppdatert! Det er ein enkel prosess, så hiv deg rundt! Det vil bli meir aktivitet på sida vår etter kvart som vi nærmar oss desember og januar. Og DET er ikkje lenge til!


 


I mellomtida håpar vi folk nyttar gjesteboka til litt skriverier! Ein munter tone med litt mimring eller framtidsvyer for fotball-cupen vår er alltid spennande for lesarmassen og kose seg med!


Om nokon kjem i ’limerick’-modus, så køyr på!  Då tek vi likså godt ein følgjetong, og ein liten konkurranse på beste limericket fram til cupen! Send gjerne ’ballen’ vidare til ein du ynskjer å utfordre i så fall!

Hugs tidsfristen for påmelding !!

Ålesund veteran
Tida nærmar seg fort 15. oktober.  Alle tidlegare lag har innan den fristen fyrsterett til påmelding i nester års cup. 


Det er alt no kome nokre nye lag, som står på vent inntil fristen 15.10 er ute.  

Veterancup 2010 – nærmar seg ….. 29. – 30. januar 2010


 Veterancup 2010 er ikkje langt unna.  Turneringsleiar Flodsand har allereie begynt å få henvendelsar fram mot neste års cup.  

De kan allereie no melda på lag.  Me presiserar at det er dei laga som var med i 2009 som har fyrsterett til neste års cup. Desse må ha sendt påmelding innan 15. oktober.  Ette den datoen opnar vi for andre lag.

Når det gjeld overnatting, kjem vi tilbake med info etter 1. oktober.

Arbeidslaget tek sikte på å møtast i starten av oktober.  Har de meningar om neste års cup, er det berre å senda til underteikna og eg tek dei vidare.


NB NB!!  Når de melder på lag, er det SVÆRT viktig at dette vert gjort gjennom påmeldinga til venstre på veterancupsida.  IKKJE gjennom telefon til Roald eller nokon av oss andre i styret!! Hugs å fylla ut alle opplysningar det vert bedt om.  Er påmeldinga mangelfull, vert laget ikkje registrert som påmeldt.


Vel Møtt til påmelding !!!!


 


Ruthl@mail.ardalsnett.no


 

Bilder frå årets Veterancup


Porten.no – nettavis for Årdal. Lærdal og Aurland har vore så greie og la oss få lov å kopiera bileta deira frå Veterancupen.


På bildet til venstre ser Eilert Olsen (ihuga United fan) helsar på Brian Robson før kamp.



Liverpool laget skriv så blekket sprutar.



Manchester United sin tur til autografskriving




Odd Allan og Åge i kamp mpt United




Manchester United



Publikum Årdalshallen





Bryan Robson






Årdalstangen – Liverpool


 


 2 X Brann





Brann Veteran



Bryan Robson




Bryan Robson og Andy Richi


 




Erik Thorstvedt


 


 Fleir bilete kjem etter kvart.


Alle Foto: www.porten.no


 


Publisert: ruthl@mail.ardalsnett.no


 

Prisar for dei beste spelarane….


Også under turmneringa 2009 vart det delt ut «bestemannsprisar».  Det var nok mange som kunne fortent ein slik, så jurien hadde ingen enkel oppgåve.


Men dei klarde til slutt å plukka ut vinnarane, og desse var:

I Old Girls klasse:  Jill Nilssen, Sandviken


I Old boys klasse: Morten Brandsdal, FK Årdal


I Veterangirls klasse: Sissel Grude, Klepp


I Veteran klasse: Ståle Andersen, Vålrenga


I Veteran + 50 klasse: Torben Piechnik, Lyngby


 


Publisert: ruthl@mail.ardalsnett.no


 

Årets Veterancup ferdig for denne gong….


Så langt ser det ut som Flodsand & co har gjennomført eit prikkfritt arrangement.  Finalane for Veteran, Superveteran og Veteran Girls er nett avslutta i Lærdalshallen.


I Årdalshallen var det sluttspel for old girls og old boys. 


Resultata vart fylgjande:

Finale Old-Girls: Sandviken – Nymark      4 – 2  Dommar: Sigve Thaule


Finale Old-boys: Tempo – Årdal :           3 – 6  Dommar: Jonny Skjerven


I Lærdal har vi desse resultata:


Finale Veterangirls:   Trondheims Ørn – Klepp   0-2   Dommar: Henry Øberg


Finale Super Veteran: Lyngby – Brann    5 – 3   Dommar: Svein Inge Thime


Finale Veteran: Vålerenga – Haugesund  4 – 0   Dommar: Odd A. Kalløkkebakken


Bilder frå turneringa vert lagt inn etterkvart eg får dei inn.


Publisert: Ruthl@mail.ardalsnett.no


 

Fyrste dag av Veterancup unnagjort

Da er fyrste dagen av Veterancup ferdig.  Og i Lærdalshallen er kampane allereie begynt att.  I Årdalshallen startar kampane kl 09.00. For dei som ikkje har funne vegen til dei ulike hallane, kan de fylgja resultatservice på nettet.

Årdalsnett har ordna med trådlaust nett til turneringa.  Og ved å klikka på resultatservice øverst til venstre på nettsida vår. www.veterancup.no – kan de fylgja kampane minutt for minutt i resultatservice programmet Agnitio AS har laga.


Me ynskjer lukke til med dagens kampar!!


 


Publisert: ruthl@mail.ardalsnett.no


 

Howard Gayle

Howard Gayle





































Personal information
Date of birth18 May 1958 (1958-05-18) (age 50)
Place of birth   Toxteth, Liverpool, England
Playing positionForward
Senior career1
YearsClubApp (Gls)*
1977-83
1980
1982-83
1983-84
1984-86
1986-87
1987
1987-92
1992-93
Liverpool
? Fulham (loan)
? Newcastle United (loan)
Birmingham City
Sunderland
Dallas Sidekicks (Indoor)
Stoke City
Blackburn Rovers
Halifax Town
004 0(1)
014 0(0)
008 0(2)
046 0(9)
048 0(4)
030 0(6)
006 0(2)
121 (29)
005 0(0)   
National team
1984England U-21003

 


Howard Gayle (born 18 May 1958 in Toxteth, Liverpool) was the first black player to play for Liverpool.


He was at the club for six years but was only given a total of five first team matches, later playing for several clubs including Birmingham City and Sunderland. His finest hour for Liverpool came in the 1981 European Cup semi-final second leg away at Bayern Munich, and he was rewarded with a winners medal at the end of that season, as a non-playing substitute in the final.

NB! Viktig melding til laga.



REGISTRERING VED ANKOMST

Det er mange lag som kjem til turneringa på same tid. For å effektivisere utdeling av deltakarbevis vil vi etablere eit lagsmottak i lokala like til høgre for hotellresepsjonen. Ein representant for kvart lag vert oppmoda om å møte her for å motta deltakamerke (naudsynt for adgang til matservering, fest, etc.).
Her vil også t-trøyer som deltakarminne til laga bli utlevert. ALLE lag, også dei som ikkje bur på Lærdal Hotell, vert bedne om å ta turen inom her på fredag for å hente sine deltakarbevis og t-trøyer. Gule trøyer vert utdelt seinare!
 

SAL AV UNITED OG LIVERPOOL-TRØYER

I samband med turneringa vert det høve til å kjøpe signerte lagstrøyer for dei gjestande engelske laga. Slikt sal skjer i kiosk i hallane.

 

TA MED VINNARPOKALEN FRÅ I FJOR!

Vinnarlaga frå 2008-turnering vert med dette minna om å ta med vandrepokalen attende til Lærdal. Den kan bli med heim att, men det føreset siger.