• Link to Facebook
VeteranCup
  • Heim
  • Regionen
  • Overnatting
  • Turnering
  • Transport
  • Historie
  • Biletarkiv
  • Påmelding
  • Kontakt oss
  • Click to open the search input field Click to open the search input field Søk
  • Menu Menu
Du er her: Hjem1 / Arkiv2 / Informasjon

Informasjon

 


Også i år ser vi rekordstor pågang med lag til Veterancup. Vi har over 50 lag påmelde, og fleire lag som no ligg på venteliste. Og vi skriv framleis oktober 2009… Det er flott for arrangøren å sjå at interessa er så stor, og vi gledar oss stort til Veterancup 2010!


 


Som tidlegare år er det ein del spørsmål rundt det praktiske, som til dømes overnatting. Styret i Veterancup jobbar med dette kontinuerlig.

 


Alle har nok fått med seg at vi ikkje har nok overnattingsplassar i Lærdal. Men andre gode alternativ er under vurdering, så det skal bli muleg for oss å ta imot like mange som i 2009. Vi regnar med å komme med meir konkret informasjon om dette, i løpet av veke 43.


 


Vi vil oppmode flest mogleg om å melde seg inn som abonnentar på nyhende! Dette er gratis, og slik får de nyhende direkte til mailen dykkar, når heimesida vår blir oppdatert! Det er ein enkel prosess, så hiv deg rundt! Det vil bli meir aktivitet på sida vår etter kvart som vi nærmar oss desember og januar. Og DET er ikkje lenge til!


 


I mellomtida håpar vi folk nyttar gjesteboka til litt skriverier! Ein munter tone med litt mimring eller framtidsvyer for fotball-cupen vår er alltid spennande for lesarmassen og kose seg med!


Om nokon kjem i ’limerick’-modus, så køyr på!  Då tek vi likså godt ein følgjetong, og ein liten konkurranse på beste limericket fram til cupen! Send gjerne ’ballen’ vidare til ein du ynskjer å utfordre i så fall!

Del dette innlegget
  • Del med Facebook
  • Del med X
  • Del med epost
http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png 0 0 Veterancup http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png Veterancup2009-10-16 00:00:002009-10-16 00:00:00Informasjon

Hovudsponsor

Sogn Sparebank

Samarbeidspartner

Tide
Lærdal Hotel
Hydro
Infraplast

Supporterlaget

Sognenett
dRofus
Stordal
Hardangerbestikk
Agnitio
Argus Remote Systems AS
Toyota Sogn AS
Sogndal Bilpleie & Sogndal Bilutleige AS
Lerum
Flamsbana
Laerdalsoren Hotel
Lærdal Kommune
Aurland Kommune
Årdal Kommune
Link to: Hugs tidsfristen for påmelding !! Link to: Hugs tidsfristen for påmelding !! Hugs tidsfristen for påmelding !! Link to: Påmeldingsavgift kr 2.000,- Link to: Påmeldingsavgift kr 2.000,- Påmeldingsavgift kr 2.000,-
Scroll to top Scroll to top Scroll to top