I år er det fleire lag med i turneringen enn nokon gong, og vi har difor lagt til rette for innkvartering både i Lærdal, Årdal og Aurland.
Innkvartering
I vedlagt oversikt, vil de finne kvar dykkar lag vert tilbydt overnattingsplass. Vi har lagt til grunn at kvart lag i snitt stiller med
ca 8 spelarar og har førebels reservert plass i tråd med dette.
Vi vil primært innkvartere alle deltakarane i 3- og 4 – sengs rom. Vi må difor få tilsendt namnelister på mail til okn@strynhotel.no , med ynskje om rom fordeling innan 8 Januar. Vidare tek vi atterhald om endring av desse, dette for å få kabalen til å gå opp.
Lag med opptil 9 spelarar, og som aksepterer vårt forslag til innkvartering, kan betale inn samla beløp innan måndag 11 Januar. (sjå betalingsinformasjon nedanfor.)
For dei som skal bu på Lærdal Ferie og Fritid, ta direkte kontakt for overnatting og frukost. Ynskjer de å delta på arrangement på Lærdal Hotel, kan vi tilby
Varm/kald buffet og dans fredag kveld, kr. 245,-
Bankett/dans laurdag kr. 395,-
Pakkepris kr. 595,-
Førehandspåmelding vert å sende til oss på mail okn@strynhotel.no,
Betalingsinformasjon:
TIDE Veterancup ser ut til å auke kvart år. Derfor blir det også i år lag/delkarar som står må stå på venteliste i fyrste runde. Førehandsbetaling må difor skje innan 11 Januar og innbetalinga vil bli registrert som endeleg stadfesting for innkvartering.
Romreservasjon som ikkje er betalt innan 11. Januar, vert fristilt til bruk for avvikling av ventelister.
For lag med 10 eller fleire deltakar, ta kontakt med underteikna på mail; okn@strynhotel.no for vidare avklaring/særskilt avtale.
Udisponerte plassar etter innbetaling vert ikkje refundert med mindre hotellet elles vert fullteikna i gjeldande periode.
Innbetaling
Alle lag betaler inn til Lærdal Hotel, konto nr. 3705.10.58136. (ikkje for dei sin skal bu på Lærdal Ferie og Fritidspark)
Lag som bur på Lærdal Hotel betaler kr. 1695,- pr. pers.
Lag som bur i Aurland/Årdal, betaler kr. 1595,- pr. pers.
Beløpa dekkar overnatting med frukost begge dagar, mat fredag kveld på det hotellet du bur, samt dans fredag og bankett laurdag på Lærdal Hotel.
Vi ynskjer lagvis innbetaling. Dersom deltakarar likevel betalar direkte, er det viktig å skrive på kva lag vedkomande tilhøyrer.
Avbestilling:
Dei fleste har eigen avbestillingsforsikring. Dersom ikkje, kan vi tilby frivillig avbestillingsforsikring mot eit tillegg på 10% av fakturasum, spesifisert på navn på deltakar. Standardvilkår for reglar kring avbestilling vil gjelde.
Ser fram til å høyre frå Dykk med endeleg stadfesting.
Med venleg helsing
Lærdal Hotel A/S
OVERSIKT INNKVARTERING:
Sortert etter alfabet |
Lærdal Hotel |
Lærdal Ferie & Ft |
Aurland Fjord H. |
Klingenberg H |
Ikkje overn. |
Sum |
Avvik |
|