• Link to Facebook
VeteranCup
  • Heim
  • Regionen
  • Overnatting
  • Turnering
  • Transport
  • Historie
  • Biletarkiv
  • Påmelding
  • Kontakt oss
  • Click to open the search input field Click to open the search input field Søk
  • Menu Menu
Du er her: Hjem1 / Arkiv2 / Sandviken Veteran er klar for Veterancup!

Sandviken Veteran er klar for Veterancup!

ArkivbildeMe har hatt kontakt med Mette Hammersland i Sandviken sitt veteranlag.  Dei har vore med heile vegen sidan damene kom med i Veterancupen i 2002.
 Dei mønstrar stort sett same gjeng som før, noko som borgar for liv både på og utanfor banen.  Trine Tviberg,
tidlegare A-landslagsspelar, er tilbake etter nokre års fråvere, ein klar styrke i følge Mette.

Sandviken veteran sine forventningar er at ”vi skal klare oss”.  Det vil seia å ha det moro både på og utanfor banen, for ikkje å seia på både fotball- og danseparketten.  Dei ser fram til å spela mot ungjenter som berre så vidt har runda 40.  I tillegg har Sandviken eit old girls-lag med stammen av dei som blei cupmeistrar i 95.


Mette nevner fleire gode grunnar til at dei er med i Veterancupen.  Dei viktigaste er at fotball er gøy og at det er veldig kjekt sosialt, både i oppkøyringa og under sjølve cupen.  Det er kjekt å treffa fotballvenner som ein ikkje ser så altfor ofte, gjerne berre denne eine gongen i året.


På vårt spørsmål om kven som er favorittar i klassen, held Mette ein knapp på Klepp og kanskje Trondheims-Ørn.  Kanskje Sandviken seglar opp som vinnarkandidat på banketten?


Me ynskjer Mette og Sandviken velkomne til Veterancupen!

For nettsida: Lars Einar Torsnes


Publisert: ruthl@mail.ardalsnett.no

Del dette innlegget
  • Del med Facebook
  • Del med X
  • Del med epost
http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png 0 0 Veterancup http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png Veterancup2010-01-10 00:00:002010-01-10 00:00:00Sandviken Veteran er klar for Veterancup!

Hovudsponsor

Sogn Sparebank

Samarbeidspartner

Tide
Lærdal Hotel
Hydro
Infraplast

Supporterlaget

Sognenett
dRofus
Stordal
Hardangerbestikk
Agnitio
Argus Remote Systems AS
Toyota Sogn AS
Sogndal Bilpleie & Sogndal Bilutleige AS
Lerum
Flamsbana
Laerdalsoren Hotel
Lærdal Kommune
Aurland Kommune
Årdal Kommune
Link to: Haugesund i rute til turneringa Link to: Haugesund i rute til turneringa Haugesund i rute til turneringa Link to: Aurland tilbake i Cupen… Link to: Aurland tilbake i Cupen… Aurland tilbake i Cupen…
Scroll to top Scroll to top Scroll to top