Erik Foss og Vålerenga kjem sterkt også i år.

Erik Foss og Vålerenga er ein sjølvskriven deltakar i Veterancup. Klubben deltek i år i V50. Dei har også hatt ”yngre” krefter med ved tidlegare høve. Erik og laget har vore med alle gonger unntatt ein. Sportsleg har det gått litt opp og ned, sosialt har dei vore ein sikker vinnar.

Det sosiale er og blir det viktigaste i følge Erik. Ein får treffa mange gamle kjende, både med- og motspelarar, i tillegg til at ein blir kjende med nye folk. Han framhevar ramma rundt cupen, og han rosar arrangøeren. Han har også vore på sommararrangement  i Lærdal saman med ein gjeng spelarar av hans generasjon. Kombinasjonen fotball og fiske har styrka banda som desse spelarane har til Lærdal og Veterancup.  Når det sosiale er nemnt, er det sjølvsagt også viktig å gjera det godt på banen. Dei har lukkast i å samla den gamle gjengen, trass i at dei bur noko spreidd, til ein årleg kappestrid langt inne i Sognefjorden.

Fossern ser konturane av ein, i alle fall divisjonsmessig, svakare V40-klasse. For all del, Erik ynskjer alle lag velkommen, men det er og blir dei tidlegare elitelaga som har gitt Veterancup sin identitet. Han meiner at arrangøren må leggja vekt på å revitalisera V40- klassen, gjerne med direkte kontakt med sentrale spelarar i dei ulike klubbane. Eit V40-lag frå Rosenborg kunne jo i teorien bestått av berre Champions League-spelarar.

 

Erik fortel at dei har eit bra lag.  Dei satsar på å ta seg vidare til sluttspel, og han ser ikkje bort frå at dei har ein vinnarsjanse.  Han er likevel ikkje så skråsikker som i 99 då ein velvillig sponsor stilte med eit par fjellsko til bruk på heimveg etter eit tapt veddemål om lagets plassering. På direkte spørsmål held Erik Sogndal som favoritt i V50.

 Me takkar for praten og ynskjer Erik og Vålerenga vel møtt i Lærdal.

 

Lars Einar Torsnes

Hugs å ta med vandepokal.

Kven får løfta pokalen til topps laurdagskvelden ?? Mange jamne kampar vil nok avgjere det til slutt 🙂

…..uansett, dei som fekk med seg pokalen heim i fjor må hugse å ta den med til turneringa.  (Forutan HamKam som har fått den til odel og eige.)

Overnatting -/ Transport Veterancup 2012

Gledeleg melding til alle som skal overnatte.  Overnattingskapasiteten er noko utvida i Lærdal og det ser ut til at vi kan tilby overnatting for alle laga her.

Når det gjeld bankett for dei som ikkje har overnatting gjennom Lærdel hotel, må billettar til denne kjøpast seinast 27.01.12 på hotellet.  Kr 450,- Ta kontakt med hotellet dersom du ikkje har høve å møta opp fredag 27.01. ( berre dei som er knytt til arrangementet får kjøpa bilett)

Då all overtnatting skal vera i Lærdal, vil det ikje bli sett opp bussar til -/ frå bankett. Vi ber om forståelse for at dei som ikkje skal overnatte ordnar  med transport sjølve.

Publisert: ruthl@mail.ardalsnett.no

 

Byen e Bergen og laget e Brann!

Brann er eit populært innslag i Veterancup. Dei har vore med kvart år, og i år stiller dei i 40- og 50-klassen.  Dei vann 50-klassen for to år sidan og har kanskje skumle planar i år også? 

Me har hatt ein prat med Kjell Rune Pedersen.  Han fortel at han sjølv har vore med alle gongene så nær som ein.

 

Som dei aller fleste andre, nemner Kjellien det sosiale som grunn nr 1 for å delata i Veterancup.  Her kan ein treffa gamle med- og motspelarar samstundes som ein vert kjend med mange andre hyggelege folk i tillegg.  Han framhevar vidare god mat, god musikk og danseglede som viktige faktorar for å trivast i Lærdal siste helga i januar.  Når det er sagt så stiller sjølvsagt konkurransemannen Kjell Rune skarpskodd på parketten når det stundar til kamp.  Vinnarinstinktet ligg i blodet!

 

I tillegg til sjølve veterancupen har Kjellien og ein del andre spelarar også vore med på sommararrangement i regi Lærdal I.L. Dei har vore med og dømt kampar i Lærdalsturneringa for aldersbestemte lag, noko Kjell Rune framhevar som særs hyggeleg.  I tillegg slepp han å dikta så mange fiskehistorier, mange hugsar laksen på 14-15 kg som Kjellien drog opp av Lærdalelva for nokre år sidan.

 

Kjenner me Kjellien og Brann rett, kjem dei nok til å bita frå seg.  Han held likevel Viking som klare favorittar, tett følgt av Sogndal.  Uansett har Kjellien allereie teke for seg av premiebordet. Han vann knepent/suverent (stryk det som ikkje passar) i Veterancupens julekalender. Han må såleis i alle høve fram for å motta premie.  Der ”risikerer” han, etter eige tips, å få selskap av sin gamle lagkamerat Finn Krogh.

 

Me ynskjer Kjell Rune Pedersen og resten av Brannspelarane vel møtt nok ein gong!

 

 

Lars Einar Torsnes

Laglister

 

Berre ei veke att til turneringa vert blesen i gang.  Eg manglar framleis ein god del laglister.  Bruk skjema som ligg på nettsida for utfylling og send inn til meg.

Ved å trykka på dei påmelde laga kjem det opp spelarnamn på dei som har levert lister.  Trykker du på HamKam kan de sjå at Vegard Skogheim også i år er klar for Veterancupen.

Ynskjer alle ei god treningsveke før me møtest i hallane på fredag 🙂

Publisert: ruthl@mail.ardalsnett.no

 

Stordal stiller nok ein gong.

Stordal I.L. frå Sunnmøre er eit av dei faste innslaga i Veterancup.  Dei har delteke i ulike klassar opp gjennom åra, i år er dei med i V50. Me har hatt ein prat med Hallgeir Hove.

Hallgeir fortel at dei har eit ”ungt” V50-lag der stammen er laget som vann oldboys-klassen for ti år sidan. Laget har trent godt, men dei har teke hensyn til kva gamle kroppar tåler av oppkøyring til årets høgdepunkt.

 

Hallgeir nemner mange plussfaktorar ved Veterancup. Fotballfolket som samlast i Lærdal siste helga i januar er som ein stor familie. Det er svært kjekt for lag frå lågare divisjonar å få møta topplag. Når dei kan spela jamnt med, og kanskje slå, gamle topplag, er det ein kjempebonus. Men, fotball eller ei, det sosiale er og blir det viktigaste.

 

Stordal sine prestasjonar i Veterancup har fått ein del merksemd lokalt.  Mellom anna vart det slått stort opp at Stordal slo Manchester United, med Andy Cole på laget, 5-3 for eit par år sidan.

 

Stordal har ambisjonar om å nå langt i årets cup. Hallgeir seier dei har eit sterkt lag som har planar om å vera med blant dei beste i klassen.  Andre sterke lag er, etter Hallgeir si meining, Sogndal, Brann og Viking.

 

Me takkar for praten og ynskjer Stordal I.L. lukke til og vel møtt!

 

 

Lars Einar Torsnes

Viking er klare!

Viking, regjerande meister i V50, er klare til årets veterancup. Me har hatt ein prat med Bjarne Berntsen.  Viking har vore med i Veterancup ei rekkje gonger, Bjarne er med for fjerde gong.

Bjarne og laget hans synest det er kjekt å halda kontakt med gamle med- og motspelarar. Det sosiale får topp karakter, ikkje uventa. Bjarne tykkjer og at det er kjekt  med kappestrid mot gamle konkurrentar. Kamp er kamp! Han har elles berre positivt å seia om turneringa, ei flott turnering for å bruka Bjarne sine eigne ord.

 

Som regjerande meister er det naturleg å stila høgt også i år. Bjarne seier dei har om lag same mannskap som i fjor, så med god innsats og greie marginar kan det godt bli pokal nok ein gong. På den andre sida vil nok motstandarane skjerpa seg for å klara å ta skalpen til Viking.

Kjenner me siddisane rett, har dei gjerne eit ess eller ein joker i armen.  Uansett, velkomne til Veterancup!

 

Lars Einar Torsnes

Endeleg kampoppsett 2012

Veterancup 2012 : 27 og 28 januar.

ENDELEG KAMPOPPSETT HER :

Siste versjon av kampoppsett 23.01.2012

HamKam og Terje Kojedal klar for nok ein Veterancup.

Ham-Kam er ein gammal travar i veterancupsamanheng, i år er dei med for 12. gong. I fjor sikra dei seg veteranpokalen til odel og eige med tre napp, dei to siste i 2010 og 2011.

Me har hatt ein prat med Terje Kojedal  som forutan Ham-Kam har spelt for dei franske klubbane FC Mulhouse og UC Valenciennes.

 

Ham-Kam stiller med same mannskap for tredje år på rad, dette er nok ei av årsakene til at dei har prestert så godt desse åra.  Terje nemner, ikke uventa, det sosiale som viktigaste element i Veterancup. I tillegg er det sjølvsagt moro å få god matching mot gamle og nye kjende.  Veterancupen gjev motivasjon til trening haust og vinter.  Ham-Kam veteran spelar også sjuarfotball lokalt på Hedemarken sommarstid.

 

Med to klassesigrar på rappen og ny, skinande pokal i år, er det vel unødvendig å spørja om årets ambisjonar.  Ham-Kam går for GULL.

 

Met takkar for praten, og ynskjer Ham-Kam vel møtt og lukke til i årets Veterancup.

 

 

Lars Einar Torsnes

Rapport fra Sandviken old-girls.

Redaksjonen har hatt ein prat med Mette Hammersland.

Sandviken har hatt damelag med i Veterancup alle åra damene har vore med, så nær som eitt.

Dei siste åra har klubben hatt lag i både oldgirls- og veteranklassa.  Mette seier at det er svært kjekt å ha med dei ”unge” spelarane. Stamma i dette laget er dei som vart cupmeistrar i 1995.

 

Som dei fleste andre me pratar med i denne spalta, har Mette ei rekkje gode grunnar for å vera med i Veterancup.  Det er GØY å vera med. Ein klarer å halda laget samla gjennom året, både sosialt og aktivt, når ein har noko å sjå fram til. Sandviken veterangirls spelar også seriefotball sommarstid.  Det er kjekt å spela, og det er kjekt med alt det andre som skjer ei slik helg. 

 

På spørsmål om ho har noko ho vil endra på i Veterancup, føreslår Mette ein eigen klasse for jenter over 50. Journalisten sender denne ideen vidare til leiinga.

 

Når det gjeld Sandviken sine ambisjonar, seier Mette at dei vil prøva å gjera det betre enn i fjor.  Ho nemner Klepp og Arna-Bjørnar som favorittar i klassa.

 

Me takkar for praten og ynskjer Sandviken sine lag velkomne til årets turnering.