• Link to Facebook
VeteranCup
  • Heim
  • Regionen
  • Overnatting
  • Turnering
  • Transport
  • Historie
  • Biletarkiv
  • Påmelding
  • Kontakt oss
  • Click to open the search input field Click to open the search input field Søk
  • Menu Menu
Du er her: Hjem1 / Arkiv2 / Erik Foss og Vålerenga kjem sterkt også i år.

Erik Foss og Vålerenga kjem sterkt også i år.

Erik Foss og Vålerenga er ein sjølvskriven deltakar i Veterancup. Klubben deltek i år i V50. Dei har også hatt ”yngre” krefter med ved tidlegare høve. Erik og laget har vore med alle gonger unntatt ein. Sportsleg har det gått litt opp og ned, sosialt har dei vore ein sikker vinnar.

Det sosiale er og blir det viktigaste i følge Erik. Ein får treffa mange gamle kjende, både med- og motspelarar, i tillegg til at ein blir kjende med nye folk. Han framhevar ramma rundt cupen, og han rosar arrangøeren. Han har også vore på sommararrangement  i Lærdal saman med ein gjeng spelarar av hans generasjon. Kombinasjonen fotball og fiske har styrka banda som desse spelarane har til Lærdal og Veterancup.  Når det sosiale er nemnt, er det sjølvsagt også viktig å gjera det godt på banen. Dei har lukkast i å samla den gamle gjengen, trass i at dei bur noko spreidd, til ein årleg kappestrid langt inne i Sognefjorden.

Fossern ser konturane av ein, i alle fall divisjonsmessig, svakare V40-klasse. For all del, Erik ynskjer alle lag velkommen, men det er og blir dei tidlegare elitelaga som har gitt Veterancup sin identitet. Han meiner at arrangøren må leggja vekt på å revitalisera V40- klassen, gjerne med direkte kontakt med sentrale spelarar i dei ulike klubbane. Eit V40-lag frå Rosenborg kunne jo i teorien bestått av berre Champions League-spelarar.

 

Erik fortel at dei har eit bra lag.  Dei satsar på å ta seg vidare til sluttspel, og han ser ikkje bort frå at dei har ein vinnarsjanse.  Han er likevel ikkje så skråsikker som i 99 då ein velvillig sponsor stilte med eit par fjellsko til bruk på heimveg etter eit tapt veddemål om lagets plassering. På direkte spørsmål held Erik Sogndal som favoritt i V50.

 Me takkar for praten og ynskjer Erik og Vålerenga vel møtt i Lærdal.

 

Lars Einar Torsnes

Del dette innlegget
  • Del med Facebook
  • Del med X
  • Del med epost
http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png 0 0 Veterancup http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png Veterancup2012-01-25 00:00:002012-01-25 00:00:00Erik Foss og Vålerenga kjem sterkt også i år.

Hovudsponsor

Sogn Sparebank

Samarbeidspartner

Tide
Lærdal Hotel
Hydro
Infraplast

Supporterlaget

Sognenett
dRofus
Stordal
Hardangerbestikk
Agnitio
Argus Remote Systems AS
Toyota Sogn AS
Sogndal Bilpleie & Sogndal Bilutleige AS
Lerum
Flamsbana
Laerdalsoren Hotel
Lærdal Kommune
Aurland Kommune
Årdal Kommune
Link to: Hugs å ta med vandepokal. Link to: Hugs å ta med vandepokal. Hugs å ta med vandepokal. Link to: Sogndal har vore med i alle turneringane i Veterancup! Link to: Sogndal har vore med i alle turneringane i Veterancup! Sogndal har vore med i alle turneringane i Veterancup!
Scroll to top Scroll to top Scroll to top