Vegagjengen klar for Veterancup

Lagbilde Vega

Lagbilde av Vegagjengen. Foto: Sogn Avis

-Treninga går litt i rykk og napp, men me gledar oss veldig til cupen i Lærdal, seier Frank Nilsen i fotballklubben Vega. 

Kompisgjengen frå øya Vega, ikkje langt frå Brønnøysund, er verkeleg for veteranar å rekne når det gjeld deltaking i den populære fotballturneringa i Lærdal.  

Når dei kjem til vestlandsbygda i slutten av januar neste år, er det åttande gongen dei er med.   

-Me likar oss svært godt i Lærdal. Eit flott arrangement, både sportsleg og sosialt, seier Nilsen.   

Gå vidare  

Vega har som mål å gå vidare frå gruppespelet i veteranklassen.  

-Ja, det må me gjere alt for å få til. Me vil jo spele så mange kampar som mogleg. Det er jo denne turneringa me trenar til heile året, seier han. Og legg til: Me kjem til Lærdal med sju spelarar, så det er viktig å unnå skadar framover.  

– Skadane ligg liksom der og lurer heile tida, men håpar på det beste. Eg er optimist, avsluttar Frank Nilsen. Turneringsleiar Roald Flodsand seier dei ser fram til å få besøk av den humørfylte gjengen frå Vega. 

-Ein flott gjeng, dei har ei lang reise framføre seg for å kome til Lærdal, men dei er som alltid hjarteleg velkomne, seier Flodsand. 

Tekst: Steinar Kvigne 

Velkommen til veterancup nr. 23

Lærdal Hotel har bestemt at det er plass til 240 overnattingsgjester på hotellet. Bankettmiddagen vert berre for dei som bur på hotellet.

Som resultat av dette vert det og ei turnering med færre lag. Styret har gjort eit einstemmig val av kva lag som får plass. Oppsettet ser du her på heimesida under Påmelding.

Om lag trekker seg, tek me straks kontakt med lag som står på ventelista.

Laga som får plass i VC 2022 må betala påmeldingsavgifta innan 10.11.21 og samtidig tinga hotellplass direkte på vanleg måte.

Landslagspulja Veterancupen 2022

Dei same 5 laga som var med  i 2020 er alt klare. Sverige kan bli lag nr 6.


Norges landslag tapte finalen mot Danmark  i veterancupen 2020.

 

Aktiv nettside!

Veterancupen vil i år koma med mykje info på nettsida. Me startar opp 1. november og held det gåande heilt fram til turneringa startar 28. januar.

Laget som skal fora dykk med likt og ulikt er: Jan Egil Fimreite, Lars Einar Torsnes, Fritjof Wilborn, Davy Wathne, Steinar Kvigne og Mona Teigen Kvam.

I tillegg startar quismaster Lars opp julekalenderen 1. desember. Denne varer fram til og med julaftan. Følg med!

OBS! PÅMELDINGSFRIST 1. NOVEMBER!

Grunna stor pågang av lag som har meldt seg på til Veterancup 2022, vil ikkje lag som melder seg på etter fristen bli vurderte!