• Link to Facebook
VeteranCup
  • Heim
  • Regionen
  • Overnatting
  • Turnering
  • Transport
  • Historie
  • Biletarkiv
  • Påmelding
  • Kontakt oss
  • Click to open the search input field Click to open the search input field Søk
  • Menu Menu
Du er her: Hjem1 / 20212 / Vegagjengen klar for Veterancup

Vegagjengen klar for Veterancup

Lagbilde Vega

Lagbilde av Vegagjengen. Foto: Sogn Avis

-Treninga går litt i rykk og napp, men me gledar oss veldig til cupen i Lærdal, seier Frank Nilsen i fotballklubben Vega. 

Kompisgjengen frå øya Vega, ikkje langt frå Brønnøysund, er verkeleg for veteranar å rekne når det gjeld deltaking i den populære fotballturneringa i Lærdal.  

Når dei kjem til vestlandsbygda i slutten av januar neste år, er det åttande gongen dei er med.   

-Me likar oss svært godt i Lærdal. Eit flott arrangement, både sportsleg og sosialt, seier Nilsen.   

Gå vidare  

Vega har som mål å gå vidare frå gruppespelet i veteranklassen.  

-Ja, det må me gjere alt for å få til. Me vil jo spele så mange kampar som mogleg. Det er jo denne turneringa me trenar til heile året, seier han. Og legg til: Me kjem til Lærdal med sju spelarar, så det er viktig å unnå skadar framover.  

– Skadane ligg liksom der og lurer heile tida, men håpar på det beste. Eg er optimist, avsluttar Frank Nilsen. Turneringsleiar Roald Flodsand seier dei ser fram til å få besøk av den humørfylte gjengen frå Vega. 

-Ein flott gjeng, dei har ei lang reise framføre seg for å kome til Lærdal, men dei er som alltid hjarteleg velkomne, seier Flodsand. 

Tekst: Steinar Kvigne 

Del dette innlegget
  • Del med Facebook
  • Del med X
  • Del med epost
https://veterancup.no/wp-content/uploads/2021/11/Vega-lagbilde-845x683-2.jpg 351 699 Veterancup http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png Veterancup2021-11-03 07:11:492021-11-03 08:39:34Vegagjengen klar for Veterancup

Hovudsponsor

Sogn Sparebank

Samarbeidspartner

Tide
Lærdal Hotel
Hydro
Infraplast

Supporterlaget

Sognenett
dRofus
Stordal
Hardangerbestikk
Agnitio
Argus Remote Systems AS
Toyota Sogn AS
Sogndal Bilpleie & Sogndal Bilutleige AS
Lerum
Flamsbana
Laerdalsoren Hotel
Lærdal Kommune
Aurland Kommune
Årdal Kommune
Link to: Velkommen til veterancup nr. 23 Link to: Velkommen til veterancup nr. 23 Velkommen til veterancup nr. 23 Link to: Nordnes – ein gammal travar med sagmugg i nasebora. Link to: Nordnes – ein gammal travar med sagmugg i nasebora. Nordnes – ein gammal travar med sagmugg i nasebora.
Scroll to top Scroll to top Scroll to top