Hovudgrunnen til at 49 åringen (blir 50 11.desember i år) kjem til Veterancupen i Lærdal, er å støtte arbeidet eldsjeler legg ned med planlegging og gjennomføring av arrangementet.
Stig Inge Bjørnebye – Foto: rbk.no
-Dette er med å skape aktivitet i eit lite lokalsamfunn. Eg har vore med fleire gonger tidlegare, og måten me vart tekne i mot på var fantastisk. Alt var tilrettelagt på ein skikkeleg god måte. Veldig kult, seier Bjørnebye.
Den tidlegare venstrebacken spelte i alt 75 landskampar og skåra eitt mål for Norge sitt A-landslag. Bjørnebye var med på VM sluttspela både i 1994 og 1998. I tillegg EM sluttspelet i 2000. Han har og fleire kampar for yngre landslag. Då Åge Hareide var landslagstrenar for Norge var Stig Inge assistenttrenar. Seinare var ein periode som trenar i Start. I 2015 vart Bjørnebye tilsett som sportsleg leiar i Rosenberg, ein jobb han hadde fram til 14. november i år.
Litt rusten
Om vel ein månad er det full vart med Veterancup. Korleis er formen?
-Eg likar å halde meg i form, så reint fysisk er den bra. Når det gjeld fotballformen, er eg vel litt meir rusten, seier Bjørnebye. Han ser likevel fram til å møte gamle landslagskollegaer i Lærdal, både på og utanfor bana.
-Ja det blir heilt sikkert triveleg, seier han.
Viktig epoke
Du hadde ei lang karriere i Liverpool. Kva har det betydd for deg?
-Eg budde jo der i 12 år. I den tida stifta eg familie og fekk tre born. Så dette var heilt klart ein viktig epoke i livet mitt, både sportsleg og privat. Eg er framleis sterkt knytt til Liverpool, og har viktige bånd dit, avsluttar Stig Inge Bjørnebye.
Karriere:
86-87: Elverum (2 kampar 0 mål, 87-88 Strømmen 28/0, 89-91 Kongsvinger 62/3, 92 Rosenborg 21/3, 92-2000 Liverpool FC 184 /4, 1994 utlånt til Rosenborg 8/0, 2000 utlånt til Brøndby 13/2, 2000-02 Blackburn 66/1.
Ligacupmester med Liverpool i 1995, og med Blackburn i 2002. Seriemester med Rosenborg i 1992 og 94. Cupmester med Rosenborg i 1992.
Steinar Kvigne