• Link to Facebook
VeteranCup
  • Heim
  • Regionen
  • Overnatting
  • Turnering
  • Transport
  • Historie
  • Biletarkiv
  • Påmelding
  • Kontakt oss
  • Click to open the search input field Click to open the search input field Søk
  • Menu Menu
Du er her: Hjem1 / 20192 / Stig Inge Bjørnebye hyllar eldsjelene

Stig Inge Bjørnebye hyllar eldsjelene

Hovudgrunnen til at 49 åringen (blir 50 11.desember i år) kjem til Veterancupen i Lærdal, er å støtte arbeidet eldsjeler legg ned med planlegging og gjennomføring av arrangementet.

Stig Inge Bjørnebye – Foto: rbk.no

-Dette er med å skape aktivitet i eit lite lokalsamfunn. Eg har vore med fleire gonger tidlegare, og måten me vart tekne i mot på var fantastisk. Alt var tilrettelagt på ein skikkeleg god måte. Veldig kult, seier Bjørnebye.

Den tidlegare venstrebacken spelte i alt 75 landskampar og skåra eitt mål for Norge sitt A-landslag. Bjørnebye var med på VM sluttspela både i 1994 og 1998. I tillegg EM sluttspelet i 2000. Han har og  fleire kampar for yngre landslag. Då Åge Hareide var landslagstrenar for Norge var Stig Inge assistenttrenar.  Seinare var ein periode som trenar i Start. I 2015 vart Bjørnebye tilsett som sportsleg leiar i Rosenberg, ein jobb han hadde fram til 14. november i år.

Litt rusten

Om vel ein månad er det full vart med Veterancup. Korleis er formen?

-Eg likar å halde meg i form, så reint fysisk er den bra. Når det gjeld fotballformen, er eg vel litt meir rusten, seier Bjørnebye. Han ser likevel fram til å møte gamle landslagskollegaer i Lærdal, både på og utanfor bana.

-Ja det blir heilt sikkert triveleg, seier han.

Viktig epoke

Du hadde ei lang karriere  i Liverpool. Kva har det betydd for deg?

-Eg budde jo der i 12 år. I den tida stifta eg familie og fekk tre born. Så dette var heilt klart ein viktig epoke i livet mitt, både sportsleg og privat. Eg er framleis sterkt knytt til Liverpool, og har viktige bånd dit, avsluttar Stig Inge Bjørnebye.

Karriere:

86-87: Elverum (2 kampar 0 mål, 87-88 Strømmen 28/0, 89-91 Kongsvinger 62/3, 92 Rosenborg 21/3, 92-2000 Liverpool FC 184 /4, 1994 utlånt til Rosenborg 8/0, 2000 utlånt til Brøndby 13/2, 2000-02 Blackburn 66/1.

Ligacupmester med Liverpool i 1995, og med Blackburn i 2002. Seriemester med Rosenborg i 1992 og 94. Cupmester med Rosenborg i 1992.

Steinar Kvigne

Del dette innlegget
  • Del med Facebook
  • Del med X
  • Del med epost
http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png 0 0 Veterancup http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png Veterancup2019-12-09 19:02:532019-12-09 20:18:22Stig Inge Bjørnebye hyllar eldsjelene

Hovudsponsor

Sogn Sparebank

Samarbeidspartner

Tide
Lærdal Hotel
Hydro
Infraplast

Supporterlaget

Sognenett
dRofus
Stordal
Hardangerbestikk
Agnitio
Argus Remote Systems AS
Toyota Sogn AS
Sogndal Bilpleie & Sogndal Bilutleige AS
Lerum
Flamsbana
Laerdalsoren Hotel
Lærdal Kommune
Aurland Kommune
Årdal Kommune
Link to: Islendingar til Veterancup. Link to: Islendingar til Veterancup. Islendingar til Veterancup. Link to: Hannes Sigurdsson klar for Island sitt veteranlag Link to: Hannes Sigurdsson klar for Island sitt veteranlag Hannes Sigurdsson klar for Island sitt veteranlag
Scroll to top Scroll to top Scroll to top