Landslaga under årets Veterancup
Her har me samla alle landslaga som var med på årets Veterancup.
Finland
Færøyane
Island
Norge
Danmark
Her har me samla alle landslaga som var med på årets Veterancup.
Finland
Færøyane
Island
Norge
Danmark
Årets turnering var nr.22 – med totalt 56 lag. For første gong vart det realisert ei landslagspulja med Danmark, Førøyane, Finland, Island og Norge – altså 5 landslag. Dette vart eit løft for Veterancupen med innslag på Vestlandsrevyen!
Vidare var det 4 lag i OB-gruppa, mot berre 2 i fjor.
Det var 20 damelag (16 i fjor) fordelt på klassane: 34+, 40+ og 50+
Til slutt 31 herrelag fordelt på klassane: 34+, 40+, 50+ og 55+(ny klasse av året)
Totalt vart det spelt 115 kampar.
Turneringa var vellukka med stø hand om tilskipinga både i Aurland, Lærdal og Øvre Årdal. Kampane var fordelt på alle 3 hallane begge dagar.
Landskampane var og fordelt på hallane, men med dei fleste i Lærdal. Pressa var tilstades. NRK TV hadde sending på Vestlandsrevyen.
På laurdagskvelden var det stilig bankett på Lærdal Hotel.
Premieutdeling med Frithjof Wilborn som stø festleiar.
Finale-kampane var fordelt på alle hallane.
Kvinner:
OG 34+: Sandviken – Kaupanger 3-1
VG 40+: Arna Bjørnar – Baune 5-2
SVG 50+: Arna Bjørnar – Kaupanger 2-1
Menn:
OB 34+: ÅTIL/Lærdal – Lærdal 3-2
V 40+: Brann – Sogndal 4-3 e.e.o
SV 50+: Vålerenga – Aurland 8-1
SV 55+: Brann – Stordal 5-2
Landslagsklasse
Norge – Færøyane 6-2 Danmark – Færøyane 5-3 Norge – Finland 5-1
Danmark – Island 6-3 Færøyane- Finland 4-3 Norge – Island 4-1
Finland – Danmark 3-6 Island – Finland 8-3 Island – Færøyane 2 -7
Norge – Danmark 3-5
Danmark 4 0 0 12 p
Norge 3 0 1 9 p
Færøyane 2 0 2 6 p
Island 1 0 3 3 p
Finland 0 0 4 0 p
Pokalane er gitt av dRofus
Beste spelar klassevis – premiar frå Hardanger Bestikk :
OG (34+): Solveig Midttun, Sandviken
VG (40+): Beate Reigstad Hegg Lunde, Arna Bjørnar
SVG 50+: Siri Skadal, Arna Bjørnar
OB (34+): Serif Isic, ÅTIL -Lærdal
VB (40+): Pål Korneliussen, Brann
Veteran (50+): Bjørn Viljugrein, Vålerenga
Veteran (55+): Arvid Thorsvik, Brann
Beste landslagsspelar: Peter Foldgast, Danmark
Turneringas beste spelar:
Beate Reigstad Hegg Lunde, Arna Bjørnar
Premie: Lenestol m/tilbehør frå Stordal Møbel
26.01.20 Magnar Ljøsne
Sandviken sin frontfigur vore med i Veterancupen 18 gonger sidan starten. Imponerande av dama, som denne helga kjem til Lærdal i lag med 13 andre spelarar. Bergensklubben stiller lag i to klassar.
Kva er grunnen til at du og resten av Sandvikendamene kjem tilbake kvart år?
– Fyrst og fremst fordi me har det veldig gøy i lag. I tillegg treffer me jo mange kjente frå andre klubbar. Så det sosiale er veldig viktig. Fotballmessig svingar det jo litt, men me lever etter prinsippet tap og vinn med same sinn. Prøver å vere blide, ikkje sure uansett korleis det går, seier Hammersland.
Damene frå Sandviken tykkjer sjølvsagt det er gøy å spele kampar, men hadde nok ikkje reist til Lærdal berre for å snøre på seg fotballstøvlane.
Dugnadsinnsats
Alle damene Mette har med seg til Lærdal jobbar dagleg for toppfotballen i Sandviken.
-Det blir mange timar og dagar i løpet av året, difor er det og kjekt å reise i lag til Veterancupen, fortel Mette som er heiltidstilsett styreleiar i klubben.
I tillegg til Sandviken hjelper og Eidsvåg sine damer Sandviken med stor dugnadsinnsats.
-Eit veldig godt samarbeid me set stor pris på, seier Hammersland.
Spissar formen
Mette Hammersland er eit oppteken dame, men sportsleg er ho godt førebudd. Har du spissa formen til helga?
– Ja sjølvsagt. Eg har trent meir enn nokon gong. Som fleire andre klubbar har Sandviken eit gatelag med fokus på jenter med rusproblem. Eit veldig flott tiltak. Eg er med å organisere dette, og har trent meir enn nokon gong. Eg er vel nesten semiproff, så dei andre skal berre passe seg, seier ei smilande blid Mette Hammersland.
Ho ser fram til ei fin helg i Lærdal, og rosar den gode mottakinga dei alltid får.
–Veldig bra, og veldig hyggeleg. Det gledar oss, avsluttar Mette Hammersland styreleiar i Sandviken.
Ho var og visepresident i NFF i 4 år – 2004-2008.
Steinar Kvigne
Eidaren med solid erfaring både som spelar og trenar er klar for å coache Riise, Bjørnebye og resten av det norsk veteranlandslaget komande helg.
Han trur ikkje det blir eit problem å halde styr på den gjengen.
– Nei, nei, absolutt ikkje. Dette er proffe folk, med lang erfaring og mykje kunnskap under snippen. Eg trur eg må ta på meg ei slags utvida oppmannsrolle, organisere litt inn til kvar kamp, seier Aabrekk.
Draumejobben
Eidaren som har trent både Sogndal, Brann, Vålerenga, Tromsø og Haugesund, og var assistentrenar for det norske A-landslaget i år 2000, er klar for oppgåva i Veterancupen
-Ja dette må no vere draumejobben, eg har høyrt mykje positivt om Veterancupen. Dette er fyrste gongen eg er med, eg gledar meg, og er svært glad for å få bli invitert, seier Harald Aabrekk. Og legg til det må vere dyktige folk som organiserer Veterancupen i Lærdal.
–Ja dei fleste slike arrangement forsvinn som regel etter få år. At cupen i Lærdal har halde på lenge er fantastisk. Eg er veldig imponert, seier Aabrekk.
Gamle kjente
63 åringen seier målet når ein gå på bana alltid er å vinne kampen. Slik blir det og når det norske veteranlandslaget møter dei andre nordiske laga komande helg. Det han likevel gledar seg mest til er å treffe att gamle kjente frå tida som spelar og trenar.
-Det skal bli utruleg kjekt.
No er Aabrekk pensjonist, og saknar ikkje livet i toppfotballen.
-Etter 30 år var det eigentleg ubeskriveleg enkelt å slutte. No gledar eg over barnebarna, og er som regel tilskodar anten dei spelar fotball eller handball. Det er utruleg viktig at ungdomar i dag finne si greie, har kameratskapen og teke vare på kvarandre. For det er lett å falle mellom to stolar, seier han.
Høgdepunkt
Harald Aabrekk meiner då han som assistenttrenar var med Norge i EM sluttspeet i 2000 er eit av høgdepunkta i karriera.
–Å oppleve det frå innsida var stort, seier han.
Han dreg og fram miljøet og samholdet frå tida si i Sogndal.
–Å vere ein del av ei stor gjeng spelarar med utgangspunkt frå lokalmiljøet i Sogndal og andre deler av fylket,betydde mykje, seier Aabrekk.
Han meiner og det er viktig å få fram kor mange gode trenarar med høg kompetanse som fins i mindre klubbar over heile landet.
– Dei legg ned mange timar, gjer ein fantastisk jobb, avsluttar Harald Aabrekk – klar for Veterancupen komande helg.
Steinar Kvigne
NB! Endra avgangstider frå Bergen fredag!!
Bussen går direkte til Lærdal, utan stopp på Voss. Dette p.g.a. kampoppsettet
Frå Bergen til Lærdal fredag 24. januar:
Bussen går frå Flesland kl. 10:15, frå Nesttun kl. 10:20, frå Bystasjonen kl. 10:30.
Frå Lærdal til Bergen søndag 26. januar:
Bussen går tilbake til Bergen kl. 10:30 frå Lærdal Hotell.
Pris pr. person inkludert interntransport i helga er kr. 700,- tur-retur Bergen
Dersom de ynskjer å vere med bussen, ber vi om at de tingar plass hjå transportansvarleg,
Harald Stadheim, e-post: harald.stadheim@vegvesen.no tlf. 975 26 998.
Busstider kan verta endra, så følg med på heimesida vår.
Frist for å bestille plass på buss er måndag 20. januar 2020
Betaling:
NB! Vi ber om at de betaler inn til Veterancup, konto nr. 3745 30 32435. Hugs å merke betalinga med klubb og antal personar de betalar for.
Dette er endeleg kampoppsett for årets Veterancup. Velkommen til alle laga.
Endeleg Veterancup kampoppsett 2020 v6 med dommarar
Me har gleda av å presentera nok ein internasjonal spelar. Denne gongen er det Joey Hardarson, i dag mest kjend som trenar for Start, nyopprykka til eliteserien.
Karriere som spelar:
Akranes (Island): 1995-2000
Maastricht (NL): 2000-2001
Groningen (NL): 2001-2002 og 2003-2004
Veendam (NL): 2002-2003
Start: 2004-2009
Flekkerøy: 2009-2012
Han har to A-landskampar for Island.
Lars Einar Torsnes
Den tidlegare danske forsvarsbautaen kjem i spissen for eit sterkt dansk lag til Veterancupen om ei knapp veke.
I løpet av ein innhaldsrik og lang karriere spelte Henriksen i alt 66 kampar for det danske A-landslaget. 35 av desse enda med siger, 16 uavgjort og 15 tap. På skåringslista kom han derimot aldri for det danske ”holdet”. Henriksen var likevel ein svært viktig person både på og utanfor bana. 50 åringen, som er fødd i Glostrup, var nemleg kaptein i 25 av dei 66 A-landskampane han spelte danskane.
I år 2000 vart han og kåra til årets fotballspelar i heimlandet. Me ser fram til å sjå både han og resten av det danske laget i Veterancupen. Det er god grunn til å tru at dei vil hevde seg godt i den nyskipa landslagsklassen.
Som senior spelte Rene Henriksen for den danske klubben AB og greske Panathinaikos.
Steinar Kvigne
Fitjar klar for Veterancup 2020 24.-25.januar i indre Sogn! Fitjar stiller i år 2 lag og 18 personer er klar for å delta i Herrer +40 klasse (veteran) samt Damer Veteran under navnet Fitjar Golden Girls! Fitjar har til no ingen topp plasseringer i denne cupen men har alltid trua sjøl om Brann, Vålerengen etc er på papiret sterkare lag ! I år er det ekstra kjekt då det også blir ein eigen landslagsklasse på turneringa der Norge skal møte Island, Danmark, Finland og Færøyane ! Frode Grodås, Håvard Flo, Eirik Bakke, Kjetil Wæhler, Stig Inge Bjørnebye, Roar Strand, Dan Eggen, og John Arne Riise er spelarane Noreg stiller med i det «uoffisielle» nordiske mesterskapet i Veteranfotball.. Fitjar sine lag er blant dei 50 laga som deltek i klubbturneringa.
Turneringsleiar Roald Flodsand er igjen oppglødd av at Fitjar igjen stiller med lag for 14 året på rad. Som han seier.. « Om ikkje Fitjar dominerer øvst på pallen så har dei til dei grader tilført cupen ein sosial profil som saknar sidestykke innan fotballverden» !
Ole Bergesen er reiseleiar og har, som bildet viser gjort sine saker svært bra i denne oppgåva!
Hugs å ta med vandrepokalane til årets Veterancup. Lever pokalen i resepsjonen på Lærdal Hotell. I verste fall må du ta den med heim igjen…
Lars Einar Torsnes