• Link to Facebook
VeteranCup
  • Heim
  • Regionen
  • Overnatting
  • Turnering
  • Transport
  • Historie
  • Biletarkiv
  • Påmelding
  • Kontakt oss
  • Click to open the search input field Click to open the search input field Søk
  • Menu Menu
Du er her: Hjem1 / 20192 / Harald Aabrekk: – Eg gledar meg stort

Harald Aabrekk: – Eg gledar meg stort

Eidaren med solid erfaring både som spelar og trenar er klar for å coache Riise, Bjørnebye og resten av det norsk veteranlandslaget komande helg.

Han trur ikkje det blir eit problem å halde styr på den gjengen.

– Nei, nei, absolutt ikkje. Dette er proffe folk, med lang erfaring og mykje kunnskap under snippen.  Eg trur eg må ta på meg ei slags utvida oppmannsrolle, organisere litt inn til kvar kamp, seier Aabrekk.

Draumejobben

Eidaren som har trent både Sogndal, Brann, Vålerenga, Tromsø og Haugesund, og var  assistentrenar for det norske A-landslaget i år 2000, er klar for oppgåva i Veterancupen

-Ja dette må no vere draumejobben, eg har høyrt mykje positivt om Veterancupen. Dette er fyrste gongen eg er med, eg gledar meg, og er svært glad for å få bli invitert, seier Harald Aabrekk. Og legg til det må vere dyktige folk som organiserer Veterancupen i Lærdal.

–Ja dei fleste slike arrangement forsvinn som regel etter få år. At cupen i Lærdal har halde på lenge er fantastisk. Eg er veldig imponert, seier Aabrekk.

Gamle kjente

63 åringen seier målet når ein gå på bana alltid er å vinne kampen. Slik blir det og når det norske veteranlandslaget møter dei andre nordiske laga komande helg. Det han likevel gledar seg mest til er å treffe att gamle kjente frå tida som spelar og trenar.

-Det skal bli utruleg kjekt.

No er Aabrekk pensjonist, og saknar ikkje livet i toppfotballen.

-Etter 30 år var det eigentleg ubeskriveleg enkelt å slutte. No gledar eg over barnebarna, og er som regel tilskodar anten dei spelar fotball eller handball. Det er utruleg viktig at ungdomar i dag finne si greie, har kameratskapen og teke vare på kvarandre. For det er lett å falle mellom to stolar, seier han.

Høgdepunkt

Harald Aabrekk meiner då han som assistenttrenar var med Norge i EM sluttspeet i 2000 er eit av høgdepunkta i karriera.

–Å oppleve det frå innsida var stort, seier han.

Han dreg og fram miljøet og samholdet frå tida si i Sogndal.

–Å vere ein del av ei stor gjeng spelarar med utgangspunkt frå lokalmiljøet i Sogndal og  andre deler av fylket,betydde mykje, seier Aabrekk.

Han meiner og det er viktig å få fram kor mange gode trenarar med høg kompetanse som fins i mindre klubbar over heile landet.

– Dei legg ned mange timar, gjer ein fantastisk jobb, avsluttar Harald Aabrekk – klar for Veterancupen komande helg.

Steinar Kvigne

Del dette innlegget
  • Del med Facebook
  • Del med X
  • Del med epost
http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png 0 0 Veterancup http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png Veterancup2020-01-21 21:46:192020-01-21 21:46:19Harald Aabrekk: – Eg gledar meg stort

Hovudsponsor

Sogn Sparebank

Samarbeidspartner

Tide
Lærdal Hotel
Hydro
Infraplast

Supporterlaget

Sognenett
dRofus
Stordal
Hardangerbestikk
Agnitio
Argus Remote Systems AS
Toyota Sogn AS
Sogndal Bilpleie & Sogndal Bilutleige AS
Lerum
Flamsbana
Laerdalsoren Hotel
Lærdal Kommune
Aurland Kommune
Årdal Kommune
Link to: Bergen – Lærdal. Bussrute til og frå Veterancup 2020 – Endra avgangstid frå Bergen Link to: Bergen – Lærdal. Bussrute til og frå Veterancup 2020 – Endra avgangstid frå Bergen Bergen – Lærdal. Bussrute til og frå Veterancup 2020 – Endra avgangstid... Link to: Superveteran Mette Hammersland Link to: Superveteran Mette Hammersland Superveteran Mette Hammersland
Scroll to top Scroll to top Scroll to top