• Link to Facebook
VeteranCup
  • Heim
  • Regionen
  • Overnatting
  • Turnering
  • Transport
  • Historie
  • Biletarkiv
  • Påmelding
  • Kontakt oss
  • Click to open the search input field Click to open the search input field Søk
  • Menu Menu
Du er her: Hjem1 / Arkiv2 / Voss endeleg med att i turneringa

Voss endeleg med att i turneringa


Etter nokre år på vent er Vossaalliansen klar for Veterancup att. Sist laget var med, var i 2005. Den gong sigra laget i Old boys klassen. Det er nokre år og kilo sidan, så denne gongen stiller laget i veteran.

Alliansen er ein kompisgjeng der samtlege spelarar har si fortid i Fbk Voss, tilsaman har denne gjengen ca 1800 offisielle kampar for Voss.


 


Stallen til Vossaalliansen tel 8 mann;


 


Sigurd Simpson Larsen


Terje Mørkve


Jan Steinar Sleen


Trond Storheim


Lars Erik Mørkeset


Terje Vethe


Thomas Solberg


Bjarte Bergstrøm


 


Bergstrøm vert ikkje med til Årdal då han er for ung. I skrivande stund er resten av stallen skadefri og klar til innsats.


 


For nokre år tilbake var Alliansen aktivt med på turneringar. Siste åra har det vorte mindre fotball grunna ymse årsaker. Men laget blinka tidleg ut Veterancup som eit mål for vinteren. Treningane har for det meste bestått av økter 3 mot 3 i gymsal, men også nokre økter 4 mot 4 på ”normal” bane har det vorte.


 


Vossaalliansen er full av lovord om Veterancup og den jobben arrangørane gjer med denne turneringa. Det er verkeleg triveleg og god fotballstemning desse dagane i Årdal, Lærdal og Aurland.


 


Alliansen ynskjer arrangørar og samtlege lag, lukke til med årets turnering !


 


 


Lars Erik Mørkeset



Publisert:ruthl@mail.ardalsnett.no


 

Del dette innlegget
  • Del med Facebook
  • Del med X
  • Del med epost
http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png 0 0 Veterancup http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png Veterancup2010-01-21 00:00:002010-01-21 00:00:00Voss endeleg med att i turneringa

Hovudsponsor

Sogn Sparebank

Samarbeidspartner

Tide
Lærdal Hotel
Hydro
Infraplast

Supporterlaget

Sognenett
dRofus
Stordal
Hardangerbestikk
Agnitio
Argus Remote Systems AS
Toyota Sogn AS
Sogndal Bilpleie & Sogndal Bilutleige AS
Lerum
Flamsbana
Laerdalsoren Hotel
Lærdal Kommune
Aurland Kommune
Årdal Kommune
Link to: Konkurransen avslutta. Link to: Konkurransen avslutta. Konkurransen avslutta. Link to: Stordal, eit av dei rutinerte laga. Link to: Stordal, eit av dei rutinerte laga. Stordal, eit av dei rutinerte laga.
Scroll to top Scroll to top Scroll to top