• Link to Facebook
VeteranCup
  • Heim
  • Regionen
  • Overnatting
  • Turnering
  • Transport
  • Historie
  • Biletarkiv
  • Påmelding
  • Kontakt oss
  • Click to open the search input field Click to open the search input field Søk
  • Menu Menu
Du er her: Hjem1 / Arkiv2 / Stordal, eit av dei rutinerte laga.

Stordal, eit av dei rutinerte laga.


Stordal er eit av dei verkeleg rutinerte laga i Veterancup.  Me har hatt ein prat med Hallgeir Hove.  Hallgeir kan fortelja at Stordal har vore med alle åra unntatt eitt, og dei har tidvis delteke i to klassar.  No deltek dei i veteran 40 og veteran 50. 

Stordal har fleire gonger gjort det godt resultatmessig med fleire semifinalar og kruna på verket: finalesiger over Brann i Old boys-klassen i 2003.


 


Stordal er ikkje snauare enn at dei siktar høgt sportsleg, spesielt i V50, sjølv om dei sjølvsagt møter sterk motstand.  I 40-klassen reknar Hallgeir Vålerenga og Viking som favorittar, og han tek også med Viking i 50-klassen.  Her nemner han Stordal og Bærum som farlege outsiderar.


 


Når me ber om tre gode grunnar for å vera med i Veterancup, så nemner Hallgeir straks det sosiale.  Ein kjenner seg som i ein stor familie.  Han nemner vidare at konkurranseinstinktet får utløp sjølv om ein er komen i ein respektabel fotballalder.  Sist, men ikkje minst, nemner han arrangørstaben med Roald i spissen.  Den ramma og profesjonaliteten som pregar veterancupen, gjer at ein rett og slett får lyst til å vera med.  Det er eit stort pluss at klassane vert utvida oppover i alder.  Ein vert vel aldri for gammal til å ha glede av fotball.


 


Me ynskjer Stordal lukke til og velkomen til Veterancup!


 


For nettsida: Lars E. Torsnes


Publisert: ruthl@mail.ardalsnett.no


 

Del dette innlegget
  • Del med Facebook
  • Del med X
  • Del med epost
http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png 0 0 Veterancup http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png Veterancup2010-01-21 00:00:002010-01-21 00:00:00Stordal, eit av dei rutinerte laga.

Hovudsponsor

Sogn Sparebank

Samarbeidspartner

Tide
Lærdal Hotel
Hydro
Infraplast

Supporterlaget

Sognenett
dRofus
Stordal
Hardangerbestikk
Agnitio
Argus Remote Systems AS
Toyota Sogn AS
Sogndal Bilpleie & Sogndal Bilutleige AS
Lerum
Flamsbana
Laerdalsoren Hotel
Lærdal Kommune
Aurland Kommune
Årdal Kommune
Link to: Voss endeleg med att i turneringa Link to: Voss endeleg med att i turneringa Voss endeleg med att i turneringa Link to: Ny storspelar på damesida, til Veterancup ! Link to: Ny storspelar på damesida, til Veterancup ! Ny storspelar på damesida, til Veterancup !
Scroll to top Scroll to top Scroll to top