• Link to Facebook
VeteranCup
  • Heim
  • Regionen
  • Overnatting
  • Turnering
  • Transport
  • Historie
  • Biletarkiv
  • Påmelding
  • Kontakt oss
  • Click to open the search input field Click to open the search input field Søk
  • Menu Menu
Du er her: Hjem1 / Arkiv2 / VETERANCUP – eit kjærkomment tilbud også for pensjonerte fotballdamer...

VETERANCUP – eit kjærkomment tilbud også for pensjonerte fotballdamer


Det nærmar seg siste helga i januar, og vi kan nesten ikkje vente på å få komme i gang. Sidan i fjor har vi blitt litt fleire, litt eldre og mykje bedre… Vi har med NM-finalistane frå 1989, og ein svært så merittert ex-landslagskaptein.I tillegg har ein del av laga innført heilårstrening.


 

Tydeleg veteranpreg


Old Girls klassa har i år fått eit tydelegare veteranpreg, dette lovar godt for framtida. Ei barriere er også brutt – ei bestemor er med for første gang i år! Kjekt å vite for framtidige bestemødre – vi treng also ikkje berre å sitte heime og strikke. Samtidig er turneringa ei god motivasjon til å holde treninga litt vedlike gjennom året. At det fortsatt er muleg å samle jenter som spelte på lag for inntil 20 år sidan, fortel også sitt om eit spesielt miljø som vi fortsatt er opptekne av å ta vare på.


Berre moro – nesten


Det er nøydd til å bli moro, når ein samlar gode fotballveninner i denne settinga; med bag’en på ryggen, ut på tur, litt nerver, spennande fotballkampar, bli sliten.. Absolutt alvorleg nok når fløyta går, men tross alt… Den sosiale ramma rundt Veterancup kunne ikkje ha vore bedre – vi set stor pris på at vi får vere med i ”det gode selskap”. Vi ser fram til bankett med stemninga i taket – ein perfekt avslutning på ei stor helg. Då er det berre å håpe at alt går som planlagt for alle – og at alle kjem seg vel fram til kampstart.


NB – hugs nødvendig fotballutstyr og hårspray… (evt. hårnett)


KORT SPORTSLEG STATUS


Klepp – sterk debutant – merittert klubb, som stiller med Cupfinale laget fra 1989! Rykta seier at dei har køyrt hardtrening sidan slutten av november.Siste treninga vart gjennomført i Klepp sine drakter, noko som visstnok bidrog til at den rette ”feelingen”.. nett som før. 


Sportsklubben Baune


Debuterer også i år. Baune er ein av dei første klubbane i Bergen (Norge?) med eige Damelag. Fellestreningar ikkje vektlagt i stor grad, men stiller med stor tropp og stor rutine og godt humør. 


Sandviken


Er med for 3. gang, og har i år forsterka troppen med ikkje ukjende Gro


Espeseth –tidlegare landslagskaptein med store merittar, bl.a VM og OL-gull. Påstår ho er dårleg trent… vi andre kan jo berre håpe at det er tilfelle…!  Ellers har Sandviken mange rutinerte spelarar frå høgt nivå.


Sogndal og Jotun


Stiller med store troppar, som har trappa opp treninga


vesentleg sidan i fjor.. Går rykte om heilårstrening… sjå opp for outsiderane!


Kaupanger


Stiller med to lag – men som ein tropp. Har vunne dei tre foregåande turneringar, men er innstilt på at det i år nok blir vel tøft å forsvare tittelen. (der slapp vi presset, vel..)


Arna Bjørnar


Har vore med sidan starten, men har i år hatt litt problem med å samle troppane i år, delvis pga tøft nivå på turneringen i fjor. Vi er veldig glad for at dei fortsatt stiller – med god hjelp av lærdalsjenter og ei jente frå Jotun.


 


Tekst: Aud Inger Sviggum Tangen 


 


 

Del dette innlegget
  • Del med Facebook
  • Del med X
  • Del med epost
http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png 0 0 Veterancup http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png Veterancup2005-01-26 00:00:002005-01-26 00:00:00VETERANCUP – eit kjærkomment tilbud også for pensjonerte fotballdamer

Hovudsponsor

Sogn Sparebank

Samarbeidspartner

Tide
Lærdal Hotel
Hydro
Infraplast

Supporterlaget

Sognenett
dRofus
Stordal
Hardangerbestikk
Agnitio
Argus Remote Systems AS
Toyota Sogn AS
Sogndal Bilpleie & Sogndal Bilutleige AS
Lerum
Flamsbana
Laerdalsoren Hotel
Lærdal Kommune
Aurland Kommune
Årdal Kommune
Link to: Turnering 28. og 29. januar Link to: Turnering 28. og 29. januar Turnering 28. og 29. januar Link to: Kjellien tok storlaks Link to: Kjellien tok storlaks Kjellien tok storlaks
Scroll to top Scroll to top Scroll to top