• Link to Facebook
VeteranCup
  • Heim
  • Regionen
  • Overnatting
  • Turnering
  • Transport
  • Historie
  • Biletarkiv
  • Påmelding
  • Kontakt oss
  • Click to open the search input field Click to open the search input field Søk
  • Menu Menu
Du er her: Hjem1 / Arkiv2 / Kjellien tok storlaks

Kjellien tok storlaks


Kjell Rune med storfangstBrannkjendis Kjell Rune Pedersen fekk storlaks i Lærdalselvi. Ruggen vog heile 15,8 kilo.


 
Dette var berre heilt enormt, eig gedigent kick, seier tidlegare Brannkaptein Kjell Rune Pedersen til Porten.no like etter at han har landa storlaksen eit stykkje framanfor «Ekornbo». Og Kjell Rune brukte ikkje meir enn 10 minutt frå han fekk napp og til laksen låg på elvebreidden.

-Fyrst trudde eg det var ein aure, men då eg nokre minutt seinare fekk sjå den gedigne laksekjeften skjønte eg det var noko stort på gang. Eg er sikker på pulsen var i to hundre, eg hadde berre ein tanke i hovudet, eg måtte få han til lands, seier Kjellien.


Konfirmasjonsmiddagen i boksEin skikkeleg rugg


I september skal son til Kjell Rune konfirmerast, og før avreise fleipa Kjellien med at han skulle sikre selskapsmiddagen.


-Det var allereie bestemt at me skulle ha laks på menyen, eg sa eg skulle ordne det i løpet av helga. At det skulle slå til er no nesten utruleg, seier bergens gladaste laks. 


 


Fotball og laksEin glad gjeng


I lag med fotballkjendisane Svein «Matta» Mathisen, Terje Kojedal, Pål Lydersen, Anders Giske, Claus Eftevaag og kjendiskokk Frode Aga har Kjell Rune vore i Lærdal for å fiska laks sidan fredag. I tillegg til laksefiske spelte dei og oppvisningskamp mot A-laget til Lærdal. Dette i samband med helgas Lærdalsturnering i aldersfastlagd fotball.  Sjølvsagt var laksen med på turnering. Her vart den hengt opp i eit fotballmål der alle kunne tippe vekta.


Utruleg mottaking


Kjell Rune Pedersen og resten av gjengen er veldig godt nøgd med opphaldet i Lærdal.


-Ei heilt utruleg mottaking, Roald og gjengen gjer lagar eit topp opplegg. Når me i tillegg har Frode Aga som kokk, så er et liten grunn til å klage, seier Kjell Rune Pedersen storfiskaren som også tok seg tid til å dømme ein kamp på Lærdalsturneringa.


Tekst og foto: Steinar Kvigne

Del dette innlegget
  • Del med Facebook
  • Del med X
  • Del med epost
http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png 0 0 Veterancup http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png Veterancup2005-08-24 00:00:002005-08-24 00:00:00Kjellien tok storlaks

Hovudsponsor

Sogn Sparebank

Samarbeidspartner

Tide
Lærdal Hotel
Hydro
Infraplast

Supporterlaget

Sognenett
dRofus
Stordal
Hardangerbestikk
Agnitio
Argus Remote Systems AS
Toyota Sogn AS
Sogndal Bilpleie & Sogndal Bilutleige AS
Lerum
Flamsbana
Laerdalsoren Hotel
Lærdal Kommune
Aurland Kommune
Årdal Kommune
Link to: VETERANCUP – eit kjærkomment tilbud også for pensjonerte fotballdamer Link to: VETERANCUP – eit kjærkomment tilbud også for pensjonerte fotballdamer VETERANCUP – eit kjærkomment tilbud også for pensjonerte fotballdamer Link to: Neste års turnering vert 27. og 28. januar Link to: Neste års turnering vert 27. og 28. januar Neste års turnering vert 27. og 28. januar
Scroll to top Scroll to top Scroll to top