Hardanger Bestikk ein ny samarbeidspartner
Som tidlegare omtalt, så held Stordal Møbel fram med å sponsa premie til Veterancup sin beste spelar. Til dei andre premiegruppene har me i år ein ny sponsor, Hardanger Bestikk.
Hardanger Bestikk vart grunnlagt i Kinsarvik i 1958 av Odd Leikvoll, far til dagens daglege leiar, Rune Leikvoll. Hardanger Bestikk er den største industriverksemda i Ullensvang herad med 48 personar på lønningslista. Dei er Skandinavias største produsent av bestikk i rustfritt stål og har heile verda som marknad. Dei brukar prisbelønna designerar, og produkta har hausta prisar mange stader.
Dagleg leiar Rune Leikvoll er fotballentusiast på sin hals. Han er Manchester United-supporter, nok eit kvalitetsteikn (red.anm.). Han er også engasjert i lokalfotballen som trenar og tidlegare spelar. Han kjende litt til cupen frå før, og me er svært takksame for å ha verksemda hans med på laget!
Lars Einar Torsnes