Sogndal har vore med i alle turneringane i Veterancup!

Sogndal er ein av få klubbar som kan skryta av å ha delteke alle gongene Veterancup har vore arrangert. Me har hatt ein prat med Lasse Opseth, sogndalhelt frå dei gode tidene på 80-talet.

Lasse er snar med å nemna det sosiale når me spør om positive ting ved Veterancup. Ein får treffa gamle med- og motspelarar på og utanfor bana. Det er også eit flott tiltak reint sportsleg, og gamle ferdigheiter vert henta fram når laga entrar parketten. Kamp er kamp, uansett! Elles er sjølvsagt banketten med god mat, sunn drikke og mykje godt prat eit høgdepunkt denne siste helga i januar. Arrangementsmessig seier Lasse at cupen har funne si form. Det er korte avstandar mellom hallane, og folk trivest. I tillegg dreg han fram det positive i at aldersbestemt fotball i dei tre arrangørkommunane får ta del i overskotet frå Veterancup. Lasse vil gi all honnør til den dyktige arrangørstaben med Roald i spissen. Dei står for eit flott arrangement.

Lasse har fint lite negativt å trekkja fram i samband med Veterancup. Likevel gir han uttrykk for at kvaliteten på ein del engelske lag har vore for dårleg. Spelarar i ”pubform” er ikkje med på å heva turneringa, snarare tvert om.

Når det gjeld eigne ambisjonar, så seier Lasse at dei tek sikte på å koma seg til semifinale, så får form og fysisk tilstand avgjera kor langt det rekk. Han seier det er vanskeleg å tippa nokon favoritt, men Viking vil nok vera det framme om dei stiller like sterkt som i fjor. Han nemner Stordal som ein mogeleg outsider.

 

Me takkar for praten og ynskjer vel møtt!

 

 

Lars Einar Torsnes