Voss endeleg med att i turneringa
Etter nokre år på vent er Vossaalliansen klar for Veterancup att. Sist laget var med, var i 2005. Den gong sigra laget i Old boys klassen. Det er nokre år og kilo sidan, så denne gongen stiller laget i veteran.
Alliansen er ein kompisgjeng der samtlege spelarar har si fortid i Fbk Voss, tilsaman har denne gjengen ca 1800 offisielle kampar for Voss.
Stallen til Vossaalliansen tel 8 mann;
Sigurd Simpson Larsen
Terje Mørkve
Jan Steinar Sleen
Trond Storheim
Lars Erik Mørkeset
Terje Vethe
Thomas Solberg
Bjarte Bergstrøm
Bergstrøm vert ikkje med til Årdal då han er for ung. I skrivande stund er resten av stallen skadefri og klar til innsats.
For nokre år tilbake var Alliansen aktivt med på turneringar. Siste åra har det vorte mindre fotball grunna ymse årsaker. Men laget blinka tidleg ut Veterancup som eit mål for vinteren. Treningane har for det meste bestått av økter 3 mot 3 i gymsal, men også nokre økter 4 mot 4 på normal bane har det vorte.
Vossaalliansen er full av lovord om Veterancup og den jobben arrangørane gjer med denne turneringa. Det er verkeleg triveleg og god fotballstemning desse dagane i Årdal, Lærdal og Aurland.
Alliansen ynskjer arrangørar og samtlege lag, lukke til med årets turnering !
Lars Erik Mørkeset
Publisert:ruthl@mail.ardalsnett.no