Aurland tilbake i Cupen…
Me har teke ein prat med primus motor, Arve Tokvam. Arve fortel at dei ikkje gjer noko spesielt i forkant av cupen, men at dei trenar jamnt gjennom heile året. Dei har ikkje så alt for mange spelarar å ta av, men det kjem opp nokre «ungfolar» som kanskje kan sikra rekrutteringa på sikt. Arve nemner ein del gode grunnar for å vera med i Vewterancupen. Det er veldig kjekt sosialt, og det er flott med fotballturnering for folk som er skikkeleg turre bak øyro. Det er også sjølvsagt stas å vera med når dei har fått eigen hall, og aurlendingane hadde nok sett pris på om det kunne bli lagt ein eller fleire kampar med utanlandske lag til deira nye storstove. Arve nemner Lyngby som ein favoritt i Veteranklassen. Av eigne ambisjonar er han nøktern realist. Laget har litt få spelarar, så hovudambisjonen er å ha det kjekt og møta gamle og nye fjes siste helga i januar. Me ynskjer Arve & Co velkomne til Veterancup, og lukke til med kampane i eigen hall! Publisert: ruthl@mail.ardalsnett.no
Aurland I.L. er tilbake i Veterancupen etter nokre års fråvere. Ikkje nok med det; i år stiller dei også
på arrangørsida med den flunkande nye Aurlandshallen.
For nettsida: Lars E. Torsnes